Octavio Paz
Octavio Paz (31. mars 1914–19. april 1998) var ein meksikansk forfattar, poet og diplomat.
Octavio Paz | |
Statsborgarskap | Mexico, Den andre spanske republikken |
Fødd | 31. mars 1914 Mexico by |
Død | |
Yrke | lyrikar, songtekstforfattar, diplomat, filosof, omsetjar, essayist, skribent, politikar |
Sjanger | dikt |
Medlem av | Colegio Nacional, Academia Mexicana de la Lengua, American Academy of Arts and Sciences, Academia Brasileira de Letras |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Elena Garro, Marie José Tramini |
Octavio Paz på Commons |
Han fekk i 1990 Nobelprisen i litteratur «for ein intens skrivestil med vide horisontar, prega av forståing for det sanselege og med humanistisk integritet.»[1][2]
Liv
endreOctavio Paz gjekk inn i det meksikanske diplomatiet i 1945. Fram til 1962 var han i Frankrike der han mellom andre samarbeidde med Pablo Neruda. På denne tida kom El laberinto de la soledad («Einsemdas labyrint»), ein studie i den meksikanske og latinamerikanske identiteten. Verka hans har surrealistiske trekk etter påverknad frå og samarbeid med André Breton, Benjamin Péret og andre.
Under den spanske borgarkrigen deltok Paz på republikanarane si side. I 1962 blei han meksikansk ambassadør i India, men i protest mot Tlatelolcomassakren avslutta han si diplomatiske karriere i 1968.
Til dei viktigaste lyriske verka hans høyrer Piedra de sol («Solstein») frå 1950-åra, som blei så viktig for den latinamerikanske litteraturen at det kan samanliknast med det T.S. Eliots The waste land fekk å seie for engelskspråkleg litteratur. Dessutan Blanco («Kvit») frå 1960-åra og Pasado en claro frå 1970-åra.
Verk omsett til norsk og dansk
endre- Klarhedens skrift (Pasado en claro), dikt, Århus: Husets Forlag, 1991, 29 sider. Dansk. ISBN 87-7483-258-1
- Hymne mellom ruiner, dikt, Oslo : Vika forlag, 64 sider. Gjendikta til norsk av Åse-Marie Nesse, Kolbein Falkeid, Kjartan Fløgstad og Kari Risvik. ISBN 8273700062
- Avantgardens solnedgang (El ocasio de la vanguardia frå essaysamlinga Los hijos del limo), Cappelen 1993 (Cappelens upopulære skrifter), 93 sider. Omsett til bokmål av Bertil Knudsen og Jørgen Gaare
- Saltomortalens time, Oslo : Dreyer, 1991. Utval og gjendikting til bokmål ved Åse-Marie Nesse
- Rappaccinis datter, skodespel, Oslo : Dreyer , 1991, 75 sider. Omsett til bokmål av Åse-Marie Nesse
Referansar
endre- ↑ «for impassioned writing with wide horizons, characterized by sensuous intelligence and humanistic integrity».
- ↑ Nobeltildelinga 1990 på nobelprize.org
Bakgrunnsstoff
endre- Verk av og om Octavio Paz i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Litteratur av og om Octavio Paz[daud lenkje] i katalogen til Ibero-Amerikanischen Institut i Preußischer Kulturbesitz, Berlin
- Nobeltildelinga 1990 på nobelprize.org