Suzannah Ibsen

Suzannah Ibsen (fødd Suzannah Daae Thoresen26. juni 18361914) var kona til Henrik Ibsen. Foreldra hennar var sokneprest Hans Conrad Thoresen (1802–1858) og den andre kona hans Sara Margrethe Daae (6. april 1806–10. mai 1841), dotter av presten Johan Christopher Haar Daae. Ho var søskenbarn av embetsmann og politikar Ludvig Daae.

Suzannah Ibsen
Portrett av Suzannah Ibsen - no-nb digifoto 20150709 00002 bldsa ib1b1003.jpg
Fødenamn Suzannah Daae Thoresen
Fødd 26. juni 1836
Herøy kommune i Møre og Romsdal
Død

3. april 1914
Kristiania

Ektefelle Henrik Ibsen

Etter at mora døydde i barselseng, gifta faren seg med den danske guvernanta til familien, Magdalene Thoresen (1819–1903). Dei flytta så til Bergen der Hans Conrad Thoresen vart prost i Korskirken. Magdalene Thoresen vart seinare ein kjend forfattar.