Korskirken
kyrkje i Bergen
Korskirken er ei krosskyrkje frå 1100-talet i Bergen i Vestland fylke. Namnet kjem ikkje av arkitekturen, men av at den var vigd til Den heilage krossen. Ho var ei av få kyrkjer i Norge som skal ha hatt ein ekte relikvie av krossen. Kyrkja er nemnt første gongen i 1181 i soga om Sverre Sigurdsson.
Korskirken | |||
kyrkje | |||
Foto: Thomasg74 | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Bergen domprosti | ||
Fellesråd | Bergen | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Periode | romansk, seinare endringar | ||
Arkitekt | Johan Conrad Ernst (1702) Christian Christie (1857) Schak Bull (1896) | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | 1100-talet | ||
• Endringar | Restaurert 1615, 1632, 1702, 1857 og 1896 | ||
Portal | Nordportal, renessanse | ||
Skip | Krossforma | ||
Kyrkjegard | Det er kyrkjegard ved kyrkja som ikkje er i bruk | ||
Preikestol | I tre frå 1896 av Sivert Halaas | ||
Døypefont | Kleberstein frå 1896 av Schak Bull | ||
Altar | Glasmåleri frå 1928 Frøydis Haavardsholm | ||
Sitjeplassar | 600 | ||
Korskirken 60°23′42″N 5°19′40″E / 60.39489°N 5.327758°E | |||
Wikimedia Commons: Korskirken, Bergen |
Opphavleg var kyrkja reist som eit enkelt, rektangulært bygg med skip og kor på same sida. Seinare vart bygget vesentleg endra mellom anna ved tilbygg som omkring 1615-1623 gav den noverande krossforma.[1] Kyrkja fekk også ein portal med Christian IVs monogram.
Kjelder
endre- ↑ Bergenskartet http://www.histos.no/bergen/vis.php?kat=5&id=44 lese på nett 3.jan 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Ellen Marie Magerøy, Hans-Emil Lidén. Korskyrkja i Norges Kirker av NIKU og KA
- «Korskirken». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Korskirken i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren