Suzanne Paalgard
norsk skodespelar
Suzanne Paalgard (fødd 8. januar 1973) er ein norsk skodespelar frå Oslo. Ho starta som skodespelar i friteatergruppa på Uranienborg ungdomsskule, og den profesjonelle skodespelarkarrieren hennar starta ho som påkleder på Nationaltheatret.
Suzanne Paalgard | |||
Fødd | 8. januar 1973 (51 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar, dokkespelar |
På TV er ho mellom anna kjent frå såpeserien Offshore som gjekk på NRK, og dessutan barneseriane Jul i Blåfjell og Jul på Månetoppen (òg på NRK). Ho har elles medverka i spelefilmane Jeg er Dina og Budbringeren.
Paalgard har vore med i oppsetjingar for Det Åpne Teater, Haugesund Teater, Brageteatret, Torshovteatret og Nationalteatret, der ho òg har vore regiassistent. Ho spelte òg ei lita rolle i TV-serien Mot i Brøstet.
Susanne Paalgard har òg bidratt som norske stemmar i ei rekke animasjonsfilmar.
Filmografi
endre- 2013: Rive-Rolf (stemme, sersjant Calhoun)
- 2002: Kissed by You (Lisa)
- 2002: Jeg er Dina (tenestepike)
- 1997: Budbringeren (kvinne på kafé)
- 1990: Døden på Oslo S (jente som kliner med Roy)
TV-roller
endre- 2012: Erobreren (Sonja)
- 2011: Taxi (Trine Larsen)
- 2002: Jul på Månetoppen (blånissejenta Turte)
- 1999: Jul i Blåfjell (blånissejenta Turte)
- 1996-2000: Offshore (Åsa Vestly)