Svalestarar

slekt av sporvefuglar

Svalestarar (Artamidae) er ein familie av 11 små sporvefuglar i ei felles slekt, Artamus. Dette er fuglar med mjuk fjørdrakt i litt uklåre farger som finst i Australia og dei næraste øyane. Storleiken er omtrent som ein star, og svalestarar er rekna som enkle å observere og identifisere. I flukt minner dei om store svaler med stive venger. Som hos svaler er dietten til svalestarar mest flygande insekt. Dei er raske flygarar og er mellom dei få sporvefuglane som kan glideflyge.

Svalestarar
Sotsvalestar (Artamus cyanopterus)
Sotsvalestar (Artamus cyanopterus)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Artamidae
Slekt: Svalestarar Artamus
Vieillot, 1816

Med unntak av éin art som er standfugl, har svalestarar nomadisk levesett og flyttar seg dit det er best forhold for å beite insekt. Dei kviler i store flokkar.

Artsliste

endre

Slekta Artamus

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre