Svanhild Mundheim

Svanhild Gunvor Mundheim (fødd 29. mars 1920) er ein norsk, tidlegare radiopersonlegdom frå Mundheim i Kvam kommune i Hardanger.

Svanhild Mundheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mars 1920
Bergen
Død

26. oktober 2014 (94 år)
Oslo

Mundheim vart utdanna lærar og tok til ved NRK Hordaland sitt kontor i Bergen rett etter andre verdskrigen i 1946. Etter ein periode ved BBC si norske avdeling i London åra 1949 - 50 starta ho radiovirket sitt. Til NRK Marienlyst kom ho i 1962 og vart der til ho gjekk av med pensjon i 1989. Mest kjend var ho som hallodame og programleiar for Ønskekonserten samt ein del kåseri. Mundheim sa ofte god natt i radioen.

Mundheim fekk Kringkastingsprisen i 1985 for framifrå bruk av nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Kjelder endre