Svartelva

Svartelva er ei elv på Hedmarken i Innlandet. Ho går frå Gjetholmsjøen som ligg ved grensa mellom Stange og Løten. Ho renn på ferda si gjennom Ådalsbruk og Ilseng, gjennom store skogsområde og dyrka mark. Frå Lageråa sitt utløp dannar elva stykkevis grensa mellom Stange og Hamar kommune, inntil utløpet i Åkersvika i Mjøsa. Elva er 18–26 meter brei og berre på enkelte stader djup.

Svartelva, nær utløpet i Mjøsa.
Svartelva. Biletet er teke ved Ilseng.
Foto: Torstein Frogner
Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.