Ådalsbruk
Ådalsbruk er ein tettstad og ein gammal industristad i Løten kommune i Innlandet fylke. Staden har 771 innbyggjarar per 1. januar 2017.[1]Det har vore jarnbanestasjon på Ådalsbruk sidan 1862, og Rørosbanen går gjennom staden. Staden har også eigen skule, Ådalsbruk skole.
Ådalsbruk | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Løten | ||
Areal | 0,72 km² | ||
Folketal | 771 (2017) | ||
Folketettleik | 1 071 / km² | ||
Postnummer | 2345 ÅDALSBRUK | ||
Preposisjon | på Ådalsbruk | ||
![]() Ådalsbruk | |||
Wikimedia Commons: Ådalsbruk | |||
Ådalsbruk var rundt 1900 ein av dei største industristadene mellom Oslo og Trondheim, med jarnstøyperiet Aadals Brug Jernstøberi & Mekaniske Verksted (skipa 1842) og Klevfos Cellulose & Papirfabrikk (skipa 1888), begge lagt ved Svartelva. Aadals Brug brann ned i 1928, medan papirfabrikken vart nedlagd i 1976.
Klevfoss Industrimuseum ligg ved Ådalsbruk, og nyttar lokala til papirfabrikken. I samarbeid med Norsk skogmuseum opna Løten kommune i 2012 eit Munch-senter på Klevfoss industrimuseum. Edvard Munch blei fødd på Engelaug Østre i Ådalsbruk, og Munch-senteret syner fram tilknytinga Munch hadde til Ådalsbruk.[2]
KjelderEndra
- ↑ «Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune.». Statistisk sentralbyrå. 19. desember 2017. Henta 10. april 2018.
- ↑ «Munch-senteret i Løten». Løten kommune. Henta 10. april 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Ådalsbruk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2008.