Svarttoppslekta

planteslekt

Svarttoppslekta (Bartsia) er ei slekt i snylterotfamilien. Slekta vart tidlegare rekna til maskeblomfamilien. Der finst femti artar i verda. Dei fleste finst i Sør-Amerika og nokre i fjellskogar i Afrika.

Svarttoppslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Svarttoppslekta Bartsia
L., 1753

Norsk art

endre

I Noreg veks ein art, svarttopp (Bartsia alpina). Han er heimleg og veks over det meste av landet utanom heilt i sør. Han er funnen opp til 1960 m i Jotunheimen.[1]

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1000-1001. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Svarttoppslekta