Svein Knutsson

(Omdirigert frå Svein Alfivason)

Svein Knutsson, oftast kalla Svein Alfivason (ca. 10161036), var konge i Noreg frå 1030 til 1035.[1]

Svein Knutsson
Alfivason
Konge av Noreg
Regjeringstid10301035
Fødd1016
FødestadDanmark
Død16. oktober 1035
DødsstadDanmark
DynastiJellingdynastiet
FarKnut den mektige
MorÆlfgifu Ælfhelmsdatter av Northampton

Familietilhøve endre

Svein Knutsson var son til kong Knut den store. Mor hans var Ælfgifu av Northampton, dotter av ealdorman Ælfhelm. Ho er ofte omtala som «frillekone», men i engelske kjelder er ho gjerne nemnt som kong Knut si «første kone». Kong Knut tok henne til seg, truleg før han formelt vart konge i England, for å sikre støtte frå hennar familie. Sjølv etter at kong Knut gifte seg med Emma av Normandie i 1017, hadde Ælfgifu ein viss posisjon i England, ikkje minst fordi ho var mor til to av kong Knut sine søner, Harold (Harefot) og Svein. Ho er nemnd i Liber Vitae frå Thorney Abbey, der ein finn henne oppført i rang rett etter «Imma Regina» (dronning Emma) men før erkebiskopen av Canterbury.[2]

Svein Knutsson vart truleg fødd i England i 1016 og var såleis berre 14 år gamal då han vart konge i Noreg, hausten 1030. Hjå Snorre finn vi ei opplysning om at han før denne tida hadde hatt styringa med Jomsborg i Vendland. Bror hans var Harold Harefot (Harold I), han var konge i England i tida 1035–1040. Halvbror hans var Hardeknut Knutsson, som var dansk konge i tida 1035–1042. Farsyster til Svein var Gyda, mor til Håkon Eiriksson jarl.

Konge i Noreg endre

Våren 1030 hadde folk i Noreg fått visse for at ladejarlen Håkon Eiriksson var kome bort på havet. Snorre skreiv at landet då var hovdinglaust, og om sumaren kom Olav Haraldsson med hærmakt frå Gardarike for å erobre landet på nytt. Han var ikkje velkomen, bøndene samla seg mot han og han fall i slaget på Stiklestad.

Om lag samstundes kom Svein Knutsson frå Danmark og Snorre skriv at han vart teken til konge over Noreg på alle tingstadane. I Fagerskinna er det opplyst at han kom med ei stor hær og la under seg landet. Skalden Torarin Lovtunge nemner i Glælognskvida [3] at han kom med mykje folk frå Danmark, og der er han nemnd som «tjodkonge» i Trøndelag. Ei versestrofe karakteriserer òg kong Svein som ein sjenerøs og fredfull herskar.

Det kjeldematerialet vi har, gir lite grunnlag for ei vurdering om korleis Svein Knutsson vart teken imot som konge i Noreg. I nyare historeskriving vert han oftast nemnd som kong Knut sin regent eller visekonge i Noreg, og styringstida hans vert omtala som ei epoke med dansk styring. Denne framstillinga ber preg av dansketid-komplekset som som vi ofte møter i norsk historieskriving, særleg når ladejarlane er omtala. I kongesogene og skaldediktinga finn vi aldri nemnd noko om at kong Svein vart sett på som ein slags dansk underkonge; skalden omtala han derimot som folkekonge (tjodkonge).

I dei gamle kjeldene finn vi ingen opplysningar om at han måtte nytte krig og herjing for å gjere seg til konge, det er eit faktum at ingen av kjeldene gir oss det inntrykk at Svein Knutsson i byrjinga ikkje var velkomen i Noreg. Eit moment som oftast vert lite vektlagt, er at Svein Knutsson var syskebarnet til Håkon Eiriksson, og røyndommen er truleg at han vart akseptert som konge over Noreg i hovudsak fordi han hadde arverett til riket. Eit dynastisk arvefølge var sjølvsagt ikkje noko særsyn, sjølv om Svein sin arverett kom frå ei kvinneside. Kanskje nettopp difor fekk han tilnamnet Alfivason; ein parallell til dette finn vi seinare, då den danske kong Svein fekk tilnamnet «Estridsson» etter si mor.

Ei anna side ved saka var at to av dei mektigaste stormennene i landet, Einar Tambarskjelve og Kalv Arnesson, truleg var sterkt misnøgde med at Svein vart konge. Dei meinte begge at dei hadde vorte lova framståande stillingar i landet, etter at Håkon jarl døydde, og særleg Einar Tambarskjelve hadde rekna med å verta kong Knut sin jarl i Noreg. Sonen til Einar Tambarskjelve, Eindride, var òg syskenbarnet til ladejarlen Håkon Eiriksson, og kanskje hadde han sett for seg at han med tida skulle kunne herske over Noreg, som ein ny ladejarl?

Fagerskinna gir positiv omtale om kong Svein som person, og han kunne kanskje ha vorte ein dugande og akseptert konge. Men han var ung og usjølvstendig, «barn både i alder og i tanke» skreiv Snorre, og det vart for det meste mora, Ælfgifu, som tok styringa med riket. Det er ikkje tvil om at kong Svein sin vanlagnad som norsk konge, skuldast kongemora Alfiva (Alfifu) som ho vart kalla i Noreg. Sogeskrivarane omtalar henne som både vond og hensynslaus, ho vart kalla Alfiva den mektige og på grunn av hennar vanstyre tok folk til å tale om ei ny Gunnhildstid i Noreg.

Alfivalovene endre

Dei nye, harde lovene som vart innført i regjeringstida til kong Svein, vert oftast kalla “Alfivalovene” og dei er nemnde i sogeverket «Ågrip»,[4] kapittel 28 og 29. Det er ikkje tvil om at dei hadde mykje av skulda for det dårlege omdømet til kong Svein. Det må likevel seiast at heilt meiningslause kunne lovene likevel ikkje ha vore, det gjekk fleire ti-år før alle vart oppheva, den siste så seint som under Sigurd Jorsalfare. Når tida under kong Svein vart teikna så negativt, må ein òg ta med i vurderinga at i byrjinga av 1030-åra var det misvekst og uår både i Noreg og ute i Europa. Sigvat Skald nemner om dette i ei lausavise[5]:

den unge mann lenge vil minnast Alfivatida;
oksemat åt vi då, som geiter ete skav.

Slaget i Soknasund endre

Truleg i 1033 kom ein vikinghovding «vestfrå over havet» for å hærta landet. Han kalla seg Tryggve Olavsson og sa seg til å vere son av Olav Tryggvason. Kong Svein kalla då ut ei hær nord frå landet og Snorre skriv at dei fleste lendmennene frå Trondheimen fór med han. Men Einar Tambarskjelve og Arne-sønene på Giske heldt seg heime. Det kom til eit slag i Soknasund og der fekk kong Svein siger og Tryggve Olavsson fall. Snorre la til at kong Svein heldt fram med å styre landet etter dette slaget og då var det god fred. Slaget er nemnd i ein flokkr[6] om kong Svein og i diktet Tryggvaflokkr[7] av Sigvat Skald.

Reiste frå land og rike endre

Om lag år 1034 vart kong Olav Haraldsson erklært heilag. Snorre skriv at Einar Tambarskjelve var mellom dei første som kom på trua om at kong Olav var heilag, og truleg var det religiøs fanatisme som gjorde at han, saman med Kalv Arnesson, reiste til Gardarike og henta Magnus, sonen til heilagkongen, for å setje han til konge over Noreg.

Sogene fortel at Magnus samla hærstyrkar for å legge under seg landet. Kong Svein Knutsson og mor hans måtte då truleg ha insett at dei hadde lite med støtte i Noreg, og utan å gå til strid mot helgensonen, forlet dei landet i 1035 og reiste til Danmark. Arnor Jarlaskald nemner dette i Magnusdråpa: «han dreiv Svein bort frå hans fedrearv».[8] Truleg sleit ungguten med dårleg helse, og året etter døydde Svein Knutsson, berre 20 år gamal. Alfiva (Ælfgifu) reiste til England for å støtte den andre sonen sin, Harold Harefot, i kampen om kongemakta der.

I den offisielle norske kongerekka[9] er Svein Knutsson (Alfivason) ført opp som den 11. kongen, med ei styringstid på fem år (1030–1035), rett nok med dette litt merkverdige tillegget om «dansk styre» (til liks med alle ladejarlane).

Glælognskviða endre

Mot slutten av styringstida hans, gjorde skalden Torarin Lovtunge hyllingskvadet Glælognskviða [3] til kong Svein. (Namnelekken “glælogn” kan ha tydinga «stilla, ro» og diktet er ofte kalla «havstille-kvedet».) Dei fleste av dei kjende strofene handlar likevel ikkje om kong Svein, men om undera knytt til grava åt Olav den heilage. Kvadet endar med ei oppmoding til kong Svein om å bøye seg for helgenkongen og be om hans hjelp til å behalde riket, slik det lyder i strofe 9:

Til Olav be
om å unne deg
det land han styrde,
no Guds ven.
- han er signa
av Herren sjølv
med år og fred
for alle menn –

Diktet er rekna for å vere av stor kulturhistorisk og religionshistorisk betydning og er truleg det eldste vitneprovet om trua på at Olav var heilag.

Norrøne kjelder endre

Utanom dei nemnde skaldekvada, finn vi opplysningar om kong Svein i dei norrøne kongesogene, mest detaljert i Soga om Olav den heilage,[10] i Soga om Magnus den gode,[11] i Fagerskinna,[12] og i Ågrip (sjå ref.).

Kjelder endre

  1. «Svein Alfivason». Store norske leksikon (på norsk). 8. mars 2023. 
  2. ref. «Cnut: The Danes in England in the Early Eleventh Century» av M K Lawson s.131–132
  3. 3,0 3,1 Skaldic Project Arkivert 2016-04-13 ved Wayback Machine. Torarin Lovtunge : Glælognskvida
  4. Ågrip or Noregs kongesoger Samlaget 1973
  5. Skaldic Project Arkivert 2015-06-06 ved Wayback Machine. Lausavise av Sigvat Skald
  6. Skaldic Project Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. Flokkr om kong Svein (ukjend skald)
  7. Skalic Project Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. Sigvat Skald: Tryggvaflokkr
  8. Skaldic Project Arkivert 2015-10-18 ved Wayback Machine. Arnor Jarlaskald: Magnusdråpa (vers 4)
  9. Den norske kongerekken (Det norske kongehus)
  10. Soga om Olav den Heilage kap. 239–249
  11. Soga om Magnus den gode kap. 4–5
  12. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst) kap. 35,41–43

Bakgrunnsstoff endre