Sigurd Jorsalfare

norsk konge 1103–1130

Sigurd Magnusson Jorsalfare (109026. mars 1130), rekna som Sigurd I av Noreg, var konge av Noreg frå 1103 til 1130.[1]

Sigurd Jorsalfare

«Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard»
Teikning av Gerhard Munthe til Heimskringla.
Konge av Noreg
TitlarJarl på Orknøyane
Fødd1089
FødestadNoreg
Død26. mars 1130
DødsstadOslo
GravstadAkershus festning
Gift medBjaðmunjo Mýrjartaksdóttir, Malmfrid Mstislavsdotter, Cecily
DynastiHardrådeætta
FarMagnus III av Noreg
MorThora
BornKristin Sigurdsdatter, Magnus IV av Noreg

Sigurd var son av kong Magnus III Olavsson Berrføtt. Han overtok kongedømet saman med brørne Øystein I Magnusson (om lag 1088–1123) og Olav Magnusson (1099–1115) då faren døydde i 1103. Sigurd Jorsalfare var jarl på Orknøyane frå 1098 til 1103 og var einekonge i Noreg frå 1123. Han var gift med dronning Malmfred av Russland.

Namnet «Jorsalfare»

endre
 
Gerhard Munthe: Kong Sigurd og Kong Baldvine rir frå Jorsalaborg til elva Jordan.

Tilnamnet «Jorsalfare» ('Jerusalem-farar')[2] fekk Sigurd av di han i fleire år var på krosstog. Han skal ha vore i Jerusalem, som på norrønt var Jorsal.

Kjelder

endre
  1. «Sigurd Jorsalfare» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Hunt Janin. Four Paths to Jerusalem: Jewish, Christian, Muslim, and Secular Pilgrimages, 1000 BCE to 2001 CE. S. 89

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sigurd Jorsalfare