Slaget på Stiklestad


Slaget på Stiklestad ved Stiklestad i noverande Verdal kommune den 29. juli 1030 er eit av dei mest vidgjetne slaga i Noregssoga, skildra av Snorre Sturluson i soga om kong Olav Haraldsson i Heimskringla, samlinga av soger om dei norske kongane. I dette slaget, i det som då var det heidne Trøndelag, mista kong Olav livet. Han vart to år seinare erklært som helgen (Olav den heilage/Sankt Olav), og slaget står for ettertida som symbol på innføringa av kristendomen i Noreg.

Slaget ved Stiklestad
Del av Ladejarlane og Hårfagreætta

Slaget illustert av Halfdan Egedius (1877-1899)
Dato Sommaren 1030
Stad Stiklestad i Verdal
Resultat Bondehæren vann
Partar
Bondehæren sett saman av bønder, høvdingar og adelsfolk Medlemmer av den gamle kongshirda, lokale folk
Styrkar
Ukjent Ukjent, men truleg langt mindre enn bondehæren
Tap
Ukjent Ukjent

Bakgrunn endre

I 1028 måtte Olav Haraldsson, 13 år etter at han var krona, gå i eksil etter at Knut den mektige og Ladejarlen hadde gjort samband. Han flykta til Gardarike (Russland), og heldt seg der i eitt års tid.

Håkon Jarl drukna i 1029 såg Olav eit nytt høve til å koma til makta i Noreg. Han vende tilbake gjennom Sverige med ein hær, og kom fram til Verdal, nord for Nidaros. Den 29. juli 1030 gjekk han frå garden ned mot sjøen, og møtte der ein hær ført av Hårek frå Tjøtta, Tore Hund og Kalv Arneson. 200 år seinare skreiv Snorre Sturlason at denne hæren hadde meir enn 7 000 mann, om lag dobbelt så mange som det Olav hadde. Dette er uvisst, både dei absolutte tala og forholdstalet. Det er likevel truleg rett at Olav hadde færre soldatar med seg enn motstandarane.

På denne tida hadde Olav ingen framtredande støttespelarar i Noreg. Han hadde gjort seg til uven med stormennene gjennom den harde framferda si, og med bøndene gjennom tvangskristninga. Kongshæren var for det meste samansett av utanlandske soldatar og tilfeldige eventyrarar som hadde slutta seg til han på vegen gjennom Sverige. Den såkalla bondehæren var ein brei allianse der dei fleste norske hovdingar var med, saman med frie bønder, både kristne og heidningar.

Slaget endre

 
Olav den heilage døyr. Måleri av Peter Nicolai Arbo.

Om morgonen, før slaget byrja, sov Olav ei stund. Han skal ha fortalt etterpå at han hadde drøymt at han klatra opp ein stige som tok han inn i himmelen. Dette blei ein viktig del av Olavslegenda, ettersom det vart sett som eit teikn på at Olav hadde fått vita at han skulle lida martyrdøden.

Bondehæren viste seg å vera den sterkaste, og kong Olav blei omringa av fiendane sine. Snorre fortel at han blei drepen av tre sår: Torstein Knarresmed («Torstein skipsbyggjar») hogg han i låret med øks, Tore Hund stakk eit spjut i magen hans og Kalv Arnesson hogg han i halsen med sverd. Soga fortel at han fekk hogget i låret først, og då kasta frå seg sverdet. Banesåret var truleg hogget i halsen, og han døydde kort tid etterpå. Liket vart teke vare på og gøymd unna av to kristne, far og son, som kong Olav hadde gjort avtale med om dette på førehand.

Etterspel endre

Etter at Olav fall, snudde stemninga i bondehæren, først hjå hovdingane og sidan hjå bøndene. Olav blei gravlagd like ved slagstaden, og det tok til å gå gjetord om at han var ein helgen. Etter eit år vart liket hans greve opp, og ein fann at det var like friskt som då han døydde. Dette blei sett på som eit tydeleg teikn på heilagdomen hans, og liket, som frå då av blei sett på som ein viktig relikvie, blei flytta til Nidaros. Der blei det teke vare på i Olavsskrinet, som var den kostelegaste og mest framståande heilagdomen i norsk mellomalder. Skrinet og relikviane gjekk tapt med reformasjonen.

Slagstaden endre

Det er ikkje gjort funn på Stiklestad av gjenstandar eller av spor i terrenget som kan stadfeste soga om slaget. Men dette er i og for seg ikkje uvanleg i norsk slagfeltarkeologi. Det steinete norske jordsmonnet gjer det dessutan praktisk talt umogleg å avdekke eventuelle spor i terrenget etter slike hendingar ved hjelp av georadar og liknande, moderne teknologi.

29. juli 1954 gav eigaren av garden Sul skodespelarar løyve til å oppføra eit historisk spel på eigedomen, basert på soga om slaget. Spelet om Heilag Olav blei eit årvisst fenomen, og er det største utandørsdramaet i Skandinavia, sett av over 600 000.

Den katolske kyrkja kjøpte i 1875 ei tomt rett ved slagstaden for å byggja eit kapell der. Dette stod ferdig akkurat i tide til feiringa av 900-årsdagen for slaget, 29. juli 1930. Kapellet, som naturleg nok heiter St. Olavs kapell, er fortsatt i bruk, og i jubelåret 2000 gav pave Johannes Paul II avlat til dei som deltok i liturgiske feiringar der i samband med olsokfeiringa.

Bakgrunnsstoff endre