Svein Olav Agnalt
norsk lokalpolitikar
Svein Olav Agnalt (fødd 20. juli 1949) er ein norsk lokalpolitikar for Ap som er ordførar i Skiptvet kommune.
Svein Olav Agnalt | |||
| |||
Fødd | 20. juli 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, journalist, redaktør | ||
Verv | Ordførar i Skiptvet 2007- | ||
Føregangar | Odd-Ingar Widnes | ||
Alle verv |
Han vart vald inn i kommunestyret fyrste gong i 1971 og har variert politisk erfaring, blant anna frå AUF i Østfold. Han har også vore medlem av fylkestinget i Østfold, medlem av fylkesstyret for Arbeidarpartiet i Østfold og fjerde vararepresentant til Stortinget.[1] Før han vart ordførar i 2007 hadde han også erfaring som varaordførar i tolv år.
Agnalt har bakgrunn som journalist, og byrja å skrive som 20-åring. Frå 1975 til 1978 var han tilsett i NBBL, sidan vart han redaktør av Østfold-Posten i Askim fram til 1985. Fram til han vart ordførar var han tilsett som dagleg leiar i Norsk Dekor AS.
Kjelder
endre- ↑ «Biografi: Svein Olav Agnalt». stortinget.no. Henta 11. november 2011.
- 60-års omtale i Aftenposten Kultur måndag 20. juli 2009 side 11.
- Denne artikkelen bygger på «Svein Olav Agnalt» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2011.