Sveinn Björnsson

islandsk politikar

Sveinn Björnsson (27. februar 188125. januar 1952) var medlem av bystyret i Reykjavík frå 1912 og var leiar for dette i tidsrommet 1918–1920.[1]

Sveinn Björnsson

Fødd27. februar 1881
København
Død25. januar 1952 (70 år)
Statsborgar avIsland
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
Reykjavík Junior College
FarBjörn Jónsson
EktefelleGeorgia Björnsson
BarnBjörn Sveinsson Björnsson, Henrik Sveinsson Björnsson
Alle verv
  • Islands president (1944–1952)
  • medlem av Alltinget (1914–1915)
  • medlem av Alltinget
  • medlem av Alltinget Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Han var fødd i København i Danmark, faren var Björn Jónsson og mora Elísabet Sveinsdóttir.[2] Frå 1914 til 1916 og i 1920 var han medlem av Alltinget, og etter at Island fekk avgrensa sjølvstyre frå Danmark i 1918 (utanom i utanrikssaker), var han sendemann i Danmark frå 1920 til 1924 og frå 1926 til 1940.

Den tyske okkupasjonen av Danmark 9. april 1940 førte til vidare sjølvstyre for Island som ikkje lenger hadde samband med Danmark på grunn av krigen. Björnsson vart vald av Alltinget til islandsk regent tre gonger frå 1941 til 1943, og han hadde i den stillinga det same myndet som kong Christian X av Danmark hadde hatt.

Då Island vart republikk 17. juni 1944, valde Alltinget han til den første presidenten i landet. Dette embetet hadde han frå 1944 til 1952, og han vart attvald utan motkandidat i 1945 og 1949. Han døydde i Reykjavík vel eit år før den andre presidentperioden hans var ute.[3]

Kjelder

endre
  1. «Sveinn Björnsson» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Sveinn Björnsson» (på islandsk). Alþingið. Henta 5. desember 2023. 
  3. «Sveinn Björnsson» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sveinn Björnsson