Sveinung O. Flaaten

norsk politikar

Sveinung Olavsson Flaaten (25. januar 189811. juni 1962) var ein norsk gardbrukar, skogeigar og politikar frå Lisleherad i Telemark. Han var stortingsrepresentant frå Telemark for partiet Høgre frå 1961 til han døydde i 1962.

Sveinung O. Flaaten

Fødd25. januar 1898
Lisleherad
Død11. juni 1962 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, lærar
Alle verv

Flaaten voks opp i Lisleherad. Etter artium i 1918 og lærarprøva i 1923 underviste han ved Notodden kommunale høyere allmennskole, før han i 1929 overtok farsgarden med store skogeigedommar. I tillegg dreiv han eit lite sagbruk.[1]

Flaaten fekk mange verv innom skogbruket, så som formann i Lisleherad skogeierlag, styreformann i Telemark tømmersalgslag, styremedlem i Norges Skogeierforbund og styremedlem i Østlandets skurlastmåling. Elles var han skjønns- og takstmann vedkomande vassdragsreguleringar og kraftoverføringar.[1][2][3]

Både før og etter den tyske okkupasjonen var Flaaten i fleire år heradsstyre-medlem i Heddal, vald på borgarlege felleslister, frå 1959 på Høgre-lista. 1960–61 var han ordførar i Heddal. Hausten 1961 vart han vald inn på Stortinget frå Telemark og fekk plass i Finans- og tollkomitéen.[1][4] Frå 21. april 1962 var han sjukepermittert, og døydde på Rikshospitalet den 11. juni.[4][5] I minnetalen skildra stortingspresident Nils Langhelle honom som «en elskverdig og stillfarende medarbeider».[4] Han vart gravlagd frå Lisleherad kyrkje.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Sveinung O. Flaaten». Stortinget.no. 
  2. Flaaten, Sveinung O. og Landsverk, S.A. (1960). Skogbruk i Lisleherad i gammel og ny tid. Lisleherad skogeierlag. s. 90. 
  3. Østvedt, Einar (1963). Fløtning i Telemark gjennom 300 år. Skiensvassdragets fellesfløtningsforening. s. 445–449. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Sveinung O. Flaaten minnes i Stortinget». Aftenposten (morgen utg.): 2. 13. juni 1962. 
  5. Teledølen, 27. april 1962, s. 1 
  6. «Stortingsmann Sveinung O. Flaaten stedt til hvile». Aftenposten (aften utg.): 2. 16. juni 1962.