Opna hovudmenyen

Sven Nielsen (18. mars 188321. januar 1958) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Stavanger, stortingsrepresentant for Høgre frå 1934 til 1953. Tida 1940-45 var han statsråd i Regjeringa Nygaardsvold.

Sven Nielsen
Sven Nielsen (PO-013973 01 1).jpg
Fødd 18. mars 1883

Stavanger

Død 21. januar 1958
Stavanger
Parti Høgre

Liv og gjerningEndra

Nielsen var son til ein skipper. Sjølv vart han student i 1902 og gjekk krigsskulen, offiser frå 1906. Etter å ha arbeidd på ei teiknekontor i USA eitt års tid, var han 1908-10 lærar ved underoffiserskulen i Harstad. Han var så kompanisjef ved 6. divisjon, før han 1913-16 overlærar ved den høgre allmennskulen i Narvik.

Frå 1917 til -25 var Nielsen øvste sjef i forsikringsselskapet Kysten A/S i Harstad. Sidan hadde han tilsvarande stilling i Stavanger Sjøforsikringsselskap A/S til 1947. Han var 1923-25 ordførar i Harstad.

Nielsen vart vald inn på Stortinget hausten 1934 og vart attvald tre gongar, alle gongane representerte han Høgre og kjøpstande i Vest-Agder og Rogaland. Den 22. mai 1940 vart han utnemnd til konsultativ statsråd i Nygaardsvold-regjeringa. Frå 12. mars til 25. juni 1945 var han handelsminister. Han var med i regjeringsdelegasjonen som frå 14. mai 1945 styrte i Noreg på vegne av regjeringa, til heile regjeringa vende tilbake til Noreg frå eksilet i London. På Stortinget var han formann i Militærkomiteen 1945-49, og medlem av Utanriks- og konstitusjonskomiteen 1950-53.

KjelderEndra