Svend L. Skårdal
Svend Larsson Skårdal (23. september 1862–14. juni 1930) var ein norsk gardbrukar, slaktar og politikar frå Ålen i Sør-Trøndelag. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i fire treårs-periodar.
Svend L. Skårdal | |||
| |||
Fødd | 23. september 1862 | ||
---|---|---|---|
Død | 14. juni 1930 (67 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Skårdal var gardbrukar i Ålen og i tillegg bygdeslaktar. Han var medlem i Ålen heradsstyre frå 1893, ordførar i åra 1908-1916. Ved stortingsvalet hausten 1915 vart han vald til stortingsrepresentant frå einmannskrinsen Gauldalen. På Tinget var han i perioden 1916-18 medlem i Skog- og vassdragskomiteen. I 1918 lukkast han ikkje å verte attvald. Derimot kom han inn att på Stortinget då einmansskrinsane i 1921 var erstatta med fylkesvise landkrinsar. Så frå 1922 til 1930 hadde han fast plass på Stortinget. I alle desse åra var han med i Landbrukskomiteen; sekretær 1922-27 og nestformann 1928-30.
Skårdal var i mange år styremedlem i Norsk Arbeidsmandsforbund.
Kjelder
endre- Stortingsbiografi Arkivert 2019-01-27 ved Wayback Machine.