Svenskevits

Ein svenskevits er ein vits som spelar på at svenskar ikkje skal vera så lure. Svenskane har tilsvarande vitsar om nordmenn.

Det er vanleg overalt i verda å fortelja morosame historier om ei gruppe folk som er rekna som særs dumme. Ein har til dømes vitsar om dumme irar i Storbritannia og USA, sikhar i India, pasjtunarar i Pakistan eller om blondiner på verdsbasis. Ofte blir ei mindre gruppe peika ut som offer for morskapen, til dømes molbuar i Danmark eller kerryfolk i Irland. Utveksling av vitsar på ein meir likeverdig basis finn ein til dømes i Belgia mellom vallonar og flamlendarar.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.