Svenskar er personar av svensk nasjonalitet[1] eller avstamming. I tillegg til å visa til svenske statsborgarar kan omgrepet òg visa til personar som, til dømes gjennom morsmål, kultur, tradisjonar eller familieband reknar seg som svenske.[2]

Svensk familie ca. 1937

Majoritetsbefolkninga i Sverige har tradisjonelt blitt kategoriserte som etniske svensk, som har blitt omtalt som ei skandinavisk folkegruppe av germansk opphav.[3] Gjennom historia har ho også blitt påverka av migrasjonsstraumar og språklege og kulturelle trekk frå andre folkeslag.

Ordsoge endre

Omgrepet «svenskar» som nemning for eit folk var ei vidareutvikling av folkenamnet svear, der ordet svensk var adjektivforma.

Sveane (svioner) blei nemnde av Tacitus i verket Germania som blei skrive kring år 98. Namnet Svearike (Swēorice) og svitjod ('sveafolket') opptrer fyrste gong i det angelsaksiske Beowulfkvadet i eit handskrift frå 1000-talet.[4] Namna viste i vikingtida og størstedelen av mellomalderen berre til innbyggjarar i Mälarlandskapet, og statsdanninga deira, opphavleg styrt frå Gamle Uppsala. Andre innbyggjarar i dåtidas Sverige, som götar og gutar, var ikkje omfatta i omgrepet «svensk». I avsnittet om mannebøter i den eldre västgötalagen frå cirka 1220 blir det såleis gjort skilnad mellom svensk, västgötar og smålänningar: «Dræpær maþær svænskan mann...».[5]

I den første svenske historieboka, Erikskrönikan som blei skriven på 1320-talet, står ikkje omgrepet svensk (derimot blir Mälarlandskapet nemnt som Swidhido). Det er først i rimkrønikene frå 1400-talet, som hadde ein sterk propagandistisk bodskap retta mot unionkongar, futar og utlendingar generelt, at omgrepet «svensk» for fyrste gong blir nytta som fellesnamn for alle nordisktalande folkegrupper i landet Sverige og i eldre litteratur som eit folk sett saman av tre folkestammar: svear, götar og gutar.[6] I mellomalderkjelder nytta ein elles omgrepet «inländska menn» i samanhengar der ein kunne venta seg å lesa «svensk».

Omgrepet svensk har såleis blitt utvida gjennom historia frå å opphavleg berre omfatta sveane til å bli eit fellesomgrep for alle norrøne folkestammar som var blitt innlemma i Sveariket, frå götar og gutar, til smålänningar og hälsingar, og til slutt òg folk som tidlegare hadde høyrd til Danmark og Noreg som skåningar, jämtar osb.

Opphavet til befolkninga endre

Førhistorisk tid endre

Genetisk forsking har gjeve kunnskap om migrasjonsstraumar frå ulike stader til det området som i dag er Sverige, og om korleis desse har gitt opphav til ei genetisk blanding blant dagens svenskar. I førhistorisk tid kom det tre store innvandringsbølgjer til Europa frå andre område, og som med tida òg kom at folka det som skulle bli Sverige: (1) Jeger-samlarar, (2) dei første steinalderbøndene frå Vesleasia, og dessutan (3) indo-europeiske steppegjetarar rett før bronsealderen.[7] Deretter har ingen store migrasjonar skjedd til Europa ifrå andre kontinent fram til moderne tid.[8] Blant dagens svenske etterkomarar går 78 prosent av farslinjene til mennene tilbake til den indoeuropeiske innvandringa kring bronsealderen. Ein har funne få farslinjer frå tidlegare innvandringsbølgjer. Morslinjene til befolkninga er meir blanda frå dei tre innvandringsbølgjene.[9][10] Kampøkskulturen som kom til Skandinavia kring 2900 f.Kr. blir gjerne sett på som opphav til dei protogermanske kulturane, og den germanske populasjon har sidan vore i stort sett stabil i Skandinavia.[11][12] Kampøkskulturen blir meint å ha delvis smelta saman med den eldre gropkeramiske kulturen og gitt opphav til den nordiske bronsealderkulturen som i sin tur blir sett på som opphavet til dei germanske kulturane.[13][14]

Svenskar dukkar fyrst opp i nedskriven historie i Tacitus sitt verk Germania frå år 98. Eit av dei germanske folka Tacitus skildrar er eit folk han kallar suiones, som allment blir rekna som sveane. Desse blir omtalte som å skilja seg ut for flåtane sine, som har skip med har «ein baug i kvar ende». Denne skildringa meiner ein stemmer med det ein veit om skipsbygging i Skandinavia på denne tida.[15][16]

Klimaendringa i 535–536 blir trudd å ha hatt stor påverknad på kulturen i Skandinavia. Ein reknar med at så mange som halvparten av befolkninga i Skandinavia kan ha døydd. Som ei følgje blei kulturen meir militarisert under den påfølgjande venedeltida.[17][18]

Vendeltida og vikingtida endre

På vendeltida vart det nære relasjonar med den angelsaksiske kulturen i dagens England. På denne tida blei det bygt storslagne gravhaugar der ein har funne rike gravgåver som tyder på ei framveksande kongsmakt som kom til å starta riksdanninga.[19] På 700-talet så byrja svear ifrå Roslagen å dra på vikingaekspedisjonar i austerled mot Kurland, Estland og Finland. Desse roselovvikingane kom til å gje oppheva til dei finske (Ruotsi), estiske (Rootsi) og nordsamiskae (Ruoŧŧa) namna på Sverige. Svear etablerte handelsplassar ved Staraja Ladoga og Novgorod, og blei ein viktig del av riksbygginga til Kyiviket. Slavarane sitt namn på sveane, russ´, kom seinare til å bli namnet på alle dei ulike slavarfolka som kom til å bli del av Kyivriket. På same måte kom sveane til å gje namn til dei samla nordisktalande folka som kom til å bli del av den politiske eininga deira.[20][21] Ved slutten av 800-talet var det som dei tidlege mellomalderske krønikene kalla svearveldet kome til å også omfatta Gotland, Möre, Öland og Blekinge.[22]

Seinast ved slutten av 1000-talet omfatta området også Hälsingland, Götaland och Värmland. Adam av Bremen talar om befolkninga som sueonum populi ('sveoniske folk' eller 'svenske folk' alt etter omsetjing).[23] Ved byrjinga av 1100-talet var den førkristne religionen som seinare er blitt kjend som åsatru blitt fortrengd av kristendommen. På 1100- og 1200-talet erobra Sverige dei austlege områda Finland (Egentliga Finland), Tavastland og Karelen). Dette førte til stor innvandring av nordisktalande kolonisatorar som danna grunnlaget for den svensktalande befolkninga i Finland, finlandssvenskar. Sveane som 300 år tidlegare hadde busett seg blant austslavarane hadde sjøl blitt slavifiserte og assimilerte inn i den nye etniske identiteten der, men hadde tidlegare hatt venlege relasjonar til opphavslandet, der giftarmål mellom aust og vest hadde halde slektskapen i live. Men då bufferen som dei finske folka hadde utgjort forsvann tok dei gode relasjonane slutt, og republikken Novgorod og seinare Tsar-Russland blei bitre rivalar av Sverige.[24] Fram til 1200-talet hadde ein hatt eit felles språk i Skandinavia, fyrst urnordisk og sidan norrønt. Etter år 1000 hadde språket byrja å brytast opp i ein vestleg og ein austleg dialekt. På 1200-talet hadde den austnordiske dialekten byrja å gå over til klassisk gammalsvensk, og på 1300-talet gjekk det over til yngre gammalsvensk.[25]

Arbeidskraftinnvandring og flyktingmottaking endre

På 1400- og 1500-talet slo tyske kjøpmenn og handverkarar seg ned, for det meste i byane, men også i Bergslagen. Mindre grupper av vallonarar migrerte til Sverige på 1600-talet. Hollendarar, engelskmenn og skottar innvandra som kjøpmenn og industrifolk på 1600-talet[treng kjelde].

Frå slutten av 1940-talet og fram till midten av 1970-talet fann det stad ei omfattande arbeidsinnvandring som svar på ein direkte etterspurnad frå svensk industri. Innvandringa frå Finland kom til å utgjera den største arbeidsinnvandringa til Sverige gjennom tidene.[26] Det blei også rekruttert arbeidskraft i Italia, Ungarn og Austerrike.[27] På 1950-talet fokuserte ein på rekruttering frå Vest-Tyskland, Nederland, Belgia og Hellas. På 1960-talet var den ikkje-nordiske innvandringa dominert av folk frå Jugoslavia.[28] Arbeidsinnvandringa i etterkrigstida var likevel i fyrste grad eit nordisk fenomen.[29]

Frå 1980-talet kom innvandringa til å bli prega av familie- og flyktningsinnvandring.[30] Flyktingbølgja frå Balkan til Sverige nådde ein topp i 1992 under Jugoslaviakrigane. Flyktinginnvandringa fortsette deretter med større grupper frå Afghanistan, Syria, Irak og Somalia.

Utviklinga av ein svensk nasjonal identitet endre

Like før og under eldre mellomalder var landskapa i Mälardalen og rundt Vättern som regel samla under same konge, men Sverige blir ikkje rekna som ei stabil statsdanning av dagens svenske historikarar før på 1200-talet. Sverige i eldre mellomalder bestod av fleire laust samanhengande område, som i løpet av 1000-talet hadde utvikla ein felles militær organisasjon (leidang) etter dansk mønster. Sverige under Kalmarunionen (1389-1523) hadde ingen eigen utanrikespolitikk eller regent, men det dåvarande Sverige hadde likevel sitt eige lovverk. Den svenske nasjonalstaten blir rekna for å ha blitt skipa etter unionsoppløysinga år 1523, og Gustaf Vasa blir rekna som nasjonsfader.[31]

 
Skandinavismen lav vekt på "dei skandinaviske brorfolka".
 
Nasjonalromantikken, til dømes kunsten til Anders Zorn, idealiserte bondesamfunn og heimbygd.

Som i resten av Europa utvikla ikkje nasjonalismen seg før på 1800-talet i Sverige, då det blei bygd ein felles skandinavisk eller nasjonal identitet for å sameina regionen eller landet. Nasjonalromantiske diktarar og studentkor byrja å prisa landet og idealisera krigsinnsatsen til gamle kongar og krigsheltar sin vilje til å ofra seg. Götisisme-historikarar romantiserte vikingbragder og sogekongane, som skulle visa at folkesjelen til «det svenske folket» hadde vore prega av ein mental styrke. Finland sitt tap mot Russland blei tolka som at den svenske styrken hadde byrja å gå tapt som følgje av det late bylivet og utanlandske impulsar. Den lokale romantikken henta symbol, tradisjonar og folkemusikk frå bondesamfunnet, i ei tid då dette bondesamfunnet var i ferd med å gå i oppløysing.[32][33]

Før denne tida levde ein gjerne med svært ulike livsstilar i ulike landsdelar, og adel og bønder hadde identiteten sin i samfunnsklassa si heller enn i riket, og gifta seg sjeldan med kvarandre. Det var fyrst rundt denne tida at landet fekk eit felles språk. Før dette brukte adelen eit svensk blanda med utanlandske lånord som bøndene sjeldan forstod, og latin hadde hatt rolla som språket til det trykte ordet. Ved midten av 1800-talet fekk statskyrkja konkurranse av akademisk religionskritikk og frikyrkjer, som danna grunnlag for fleire andre folkerørsler. Nasjonalismen kom til å erstatta den lutherske religionen som overideologi, og sameina ulike samfunnssjikt, politiske ideologiar, religiøse retningar og landsdelar fram til midten av 1900-talet.

Innleiingsvis var ikkje nasjonalismen prega av framandfiendtlegheit, men dei katastrofale konsekvensane av dei aggressive nasjonalismane 1930- og 1940-talet (mellom anna fascisme) førte til ein motreaksjon hjå ållmenta bort frå nasjonalisme i det heile. Deretter har i staden demokratiet hatt rollo som overideologi i landet. Den svenske kulturen er i dag fleirkulturell og individuell. Den sterke sekularismen i landet inneber at religion no blir sett på som ein privatsak, og at få er truande, men den lutherske og vekkingskristne kulturarven blir framleis sett på slom å ha tyding for verdiar, økonomi og arbeidsmoral. Nye nasjonalistiske og framandfiendtlege rørsler har vokse seg sterkare sidan 1990-talet, men har ikkje fått rolla av felles verdigrunnlag for Sverige.[34][35]

Befolkningsgrupper i Sverige endre

Majoritetsbefolkning endre

Omgrepa etniska svenskar og Sveriges majoritetsbefolkning blir brukt i svenskspråkleg forsking for å klargjera at ein meiner personar som identifiserer seg med svensk kulturarv. Dette kan til dømes omfatta adoptivbarn fødde i andre land og oppvaksne i Sverige og med svensk morsmål.[36] Omgrepa blir ofte sett i kontrast til dei som fyrst og fremst identifiserer seg med nokre av minoritetsfolka i landet og innvandrargrupper. Det er likevel ikkje uvanleg at medlemmer av etniske minoritetar har vore tospråklege og oppretthalde doble kulturelle identitetar gjennom fleire generasjonar, og at innvandrarungdommar utviklar ein multikulturell identitet – og òg vurderer seg som del av den svenske kulturen.[37][38][39] Omgrepet etnisk svensk har vore omdiskutert i svensk politisk debatt, då det i kvardagsleg språkbruk av og til blir gitt ei tolking som kvit svensk, er ekskluderande og òg er vanleg i fordomsfull og rasistisk argumentasjon.[36][40][41]

I Sverige blir det ikkje ført offisiell statistikk over talet på svenskar som etnisk gruppe.[42] Talet på innbyggjarar med svensk som morsmål blei rekna til 8 000 000 i 2012.[43][44]

Språklege minoritetar endre

Folk av svensk nasjonalitet omfattar òg samar (mellom 17 000 og 20 000 personar i Sverige,[45] der 6 000 hadde samisk morsmål i 2012[46][44]). Dei har status som urfolk ettersom befolkninga deira «är lika gammal som eller äldre än landets majoritetsbefolkning.»[47]

Fire andre anerkjende språklege minoritetar har vore lenge i landet:[48][43][44]

  • meänkielitalande (rundt 15 000 svenskar hadde dette morsmålet i 2012),
  • finsktalande (185 000 svenske innbyggarar),
  • romani chib-pratande (11 000 svenskar) og
  • jiddisktalande (3 000 svenskar).

Følgjande nordiske varieteter blir av og til omtalte som egne språk, men har ikkje offisiell status som minoritetsspråk:[43][44]

  • Älvdalska (1 900 hadde dette som morsmål i 2012).
  • Överkalixmål (1 600)

Utflytta svenskar og etterkomarane deira endre

 
Land med betydeleg svensk folkesetnad og etterkomarar.



██ Sverige ██ + 1 000 000 ██ + 100 000 ██ + 10 000 ██ + 1 000

Folk med svensk som morsmål som stammar frå folk som har budd i såkalla venskbygder som historisk har vore del av Sverige, framfor alt i Finland men også i Estland, kallar seg finlandssvenskar eller estlandssvenskar, men sjeldan berre svenskar. Dei utgjer nasjonale minoritetar i dessa landa, og dei svenske dialektane deira er vanlegvis ikkje rikssvensk. Ei gruppe estlandssvenskar blei tvangsflytta til Gammalsvenskby i Ukraina, der svensktalande etterkomarar har halde fram med å bu.

Folk som har utvandra frå Sverige identifiserer seg ofte som svenskar og blir gjerne kalla utlandssvenskar. Etterkomarar av desse som har bevart språk og tradisjonar og danner eit større fellesskap kan også regne seg som svenskar,[49] og som ei namngjeven etnisk gruppe, som australiasvenskar, svenskkanadiarar eller svenskamerikanarar.[50]

Kjelder endre

  1. «SVENSK» (på svensk). Svenska Akademiens ordbok. Henta 15 maj 2018. 
  2. «UTLANDSSVENSKENS SJÄL – IDENTITETEN VILAR PÅ VÄRDEGRUNDEN» (på svensk). Svenskar i Världen. Henta 15 maj 2018. 
  3. «Sweden facts, information, pictures | Encyclopedia.com articles about Sweden». www.encyclopedia.com (på engelsk). Henta 18. juni 2018. «Ethnic groups: The Swedes are primarily Scandinavians of Germanic origin. There are about 17,000 to 20,000 Sami (Lapps) within the country. The remaining 12% of the population is comprised of foreign-born or first-generation immigrants, including Finns in the north, Danes, Iraqis, Iranians, Norwegians, Greeks, and Turks.» 
  4. Beowulf, första delen, vers 2380
  5. «Arkiverade kopian». Arkivert frå originalen 4. juli 2007. Henta 10. november 2009.  Arkivert 2007-07-04 ved Wayback Machine.
  6. Alexandersson, Pär: Moder Sveas historia: Den svenska nationspersonifikationen under fem sekler, Books on Demand, 2018-01-24 (da). ISBN 9789177852094. Henta 2018-06-18. 
  7. Karin Bojs (2015), Min europeiska familj: De senaste 54 000 åren.
  8. Karin Bojs, Mannen med yxan kom hit med en helt ny tid, Dagens nyheter 2015-06-13
  9. «Svenskarnas många förfäder» (på svensk). 5. mars 2017. ISSN 1101-2412. 
  10. Karlsson, Andreas O.; Wallerström, Thomas; Götherström, Anders; Holmlund, Gunilla (2006-08). «Y-chromosome diversity in Sweden – A long-time perspective». European Journal of Human Genetics (på engelsk) 14 (8): 963–970. ISSN 1476-5438. doi:10.1038/sj.ejhg.5201651. Henta 9. desember 2019. 
  11. Aubin, Hermann. "History of Europe: Barbarian migrations and invasions The Germans and Huns". Encyclopædia Britannica Online. Hämtad 13 Juli 2018.
  12. Waldman, Carl; Mason, Catherine (2006). pp. 830–831. Encyclopedia of European Peoples. Infobase Publishing. ISBN 978-1438129181.
  13. Schmidt, Karl Horst (1991). "The Celts and the Ethnogenesis of the Germanic People". Historische Sprachforschung. Vandenhoeck & Ruprecht. 104 (1): 129–152. JSTOR 40849016
  14. Sørensen, Marie Louise Stig. "History of Europe: The Bronze Age". Encyclopædia Britannica Online. Hämtad 13 Juli 2018.
  15. Noreen, A. Nordens äldsta folk- och ortnamn (i Fornvännen 1920 sid 32).
  16. Hellquist, Elof. 1922. Svensk etymologisk ordbok. Svear
  17. Ström, Folke: Nordisk Hedendom, Studentlitteratur, Lund 2005, ISBN 91-44-00551-2
  18. Eriksson, Benny (9 maj 2016). "Mytisk extremvinter visade sig stämma". SVT. Hämtad 9 augusti 2021.
  19. Bruce-Mitford, Rupert (1974). Aspects of Anglo-Saxon Archaeology: Sutton Hoo and Other Discoveries. London: Victor Gollancz.
  20. Wladyslaw Duczko (1 January 2004). Viking Rus: Studies on the Presence of Scandinavians in Eastern Europe. BRILL. pp. 67–70.
  21. Blöndal, Sigfús (2007-04-16). The Varangians of Byzantium. Cambridge University Press. p. 1-6.
  22. Hakluyt, Richard (1893). Morley, Henry (ed.). The Discovery of Muscovy. From the Collections of Richard Hakluyt. With the Voyages of Ohthere and Wulfstan from King Alfred’s Orosius. Cassell & Company, Ltd.
  23. Frängsmyr Tore, red (1996). Norrländsk uppslagsbok: ett uppslagsverk på vetenskaplig grund om den norrländska regionen. Bd 4, [Regio-Övre]. Umeå: Norrlands univ.-förl. sid. 136. Libris 1610874. ISBN 91-972484-2-8
  24. Bagge, Sverre (2005) "The Scandinavian Kingdoms". In The New Cambridge Medieval History. Eds. Rosamond McKitterick et al. Cambridge University Press, 2005. ISBN 0-521-36289-X, p. 724
  25. Fortescue, Michael D. Historical linguistics 2003: selected papers from the 16th International Conference on Historical Linguistics, Copenhagen, 11–15 August 2003. John Benjamins Publishing Company 2005. p. 258.
  26. «50 år sedan tidernas största arbetskraftsinvandring till Sverige». Sveriges Radio Aktiebolag. 24 oktober 2019. 
  27. Waara, Joachim: Svenska Arbetsgivareföreningen och arbetskraftsinvandringen 1945-1972 «2.3.3 Statistisk översikt - Arbetskraftsinvandringen 1945-1972», Göteborgs universitet, Göteborg 2012, s. 41. ISBN 978-91-86217-06-8. Henta 27 februari 2020. 
  28. Nilsson, Åke (2004). «Demografiska rapporter 2004:5: Efterkrigstidens invandring och utvandring» (PDF). Stockholm: Statistiska centralbyrån, Enheten för demografisk analys och jämställdhet: 19. 
  29. Nilsson, Åke (2004). «Demografiska rapporter 2004:5: Efterkrigstidens invandring och utvandring» (PDF). Stockholm: Statistiska centralbyrån, Enheten för demografisk analys och jämställdhet: 20. 
  30. «Arbetskraftsinvandringen historiskt». migrationsinfo.se. Andreas Bergström. 29 april 2016. Henta 26 februari 2020. 
  31. Per Höjeberg, "Svensk identitet och nationalism i ett historiskt perspektiv", SO-rummet, 2015-09-02, version från 2018-01-13
  32. Jan-Gunnar Rosenblad och Gundel Söderholm, "Nationalromantiken", SO-rummet, 2014-06-10, version från 2018-01-13
  33. 1800-talet och nationalismen i Sverige del 1 - Göticismen, skandinavismen och historieromantiken
  34. Per Höjeberg, "Svensk identitet och nationalism i ett historiskt perspektiv", SO-rummet, 2015-09-02, version från 2018-01-13
  35. Jan-Gunnar Rosenblad och Gundel Söderholm, "Nationalromantiken", SO-rummet, 2014-06-10, version från 2018-01-13
  36. 36,0 36,1 Tobias Hübinette, Helena Hörnfeldt, Fataneh Farahani & René León Rosales,Om ras och vithet i det samtida Sverige, Tumba: Mångkulturellt centrum 2014, sid 59.
  37. Karl-Olov Arnstberg, Billy Ehn, Etniska minoriteter i Sverige förr och nu, LiberLäromedel, 1976, sidan 12
  38. Nordisk judaistik - Volym 24–26, Sida 144 och 151
  39. Ålund, Aleksandra: Multikultiungdom: Kön, Etnicitet, Identitet, 1997-01-01. ISBN 9144002211. Henta 2018-06-18. 
  40. Tobias Hübinette, Fostrad till svensk - sedd som främling, I&M 6/2008. Referat av boken ”Adoption med förhinder. Samtal med adopterade och adoptivföräldrar om vardagsrasism och etnisk identitet”, (Mångkulturellt Centrum 2008).
  41. Bo Löfvendal, "Finns det etniska svenskar?", Krönika, Svenska Dagbladet kultur 2013-12-16
  42. "Går det att tala om 'etnisk svenskhet'?": "Generaldirektören Stefan Lundgren konstaterar att SCB inte använder sig av begreppet etnicitet. 'Vi har uppgifter om var människor är födda, i vilket land man är född, och medborgarskap. Men vi har inga uppgifter om etnicitet och det är inte något vi presenterar i statistik, säger han till SvD.' "
  43. 43,0 43,1 43,2 «Här är 20 största språken i Sverige». Språktidningen (på svensk). 29. mars 2016. 
  44. 44,0 44,1 44,2 44,3 Mikael, Parkvall, (2009). «Sveriges språk - vem talar vad och var?». DIVA. Henta 26. juni 2018. 
  45. «Sweden facts, information, pictures | Encyclopedia.com articles about Sweden». www.encyclopedia.com (på engelsk). Henta 18. juni 2018. «Ethnic groups: The Swedes are primarily Scandinavians of Germanic origin. There are about 17,000 to 20,000 Sami (Lapps) within the country. The remaining 12% of the population is comprised of foreign-born or first-generation immigrants, including Finns in the north, Danes, Iraqis, Iranians, Norwegians, Greeks, and Turks.» 
  46. «Här är 20 största språken i Sverige». Språktidningen (på svensk). 29. mars 2016. 
  47. «Regeringens proposition 1976/77:80 om insatser för samerna». Sveriges Riksdag. 17. februar 1977. Henta 19 december 2014. .
  48. Riksdagsförvaltningen. «Nationella minoriteter i Sverige Konstitutionsutskottets Betänkande 1999/2000:KU6 - Riksdagen». www.riksdagen.se (på svensk). Henta 25. juni 2018. 
  49. «UTLANDSSVENSKENS SJÄL – IDENTITETEN VILAR PÅ VÄRDEGRUNDEN» (på svensk). Svenskar i Världen. Henta 15 maj 2018. 
  50. «Ethnic group - Overview - Oxford Reference» (på engelsk). doi:10.1093/oi/authority.20110803095759513. Henta 26. juni 2018.