Sverre Øverby
Sverre Øverby (26. februar 1929–19. mai 1996) var ein norsk friidrettsutøvar frå Lunner i Oppland som vart noregsmeister i kulestøyt åra 1953, 1955, 1956 og 1957. I tillegg vann han i tida 1952–59 to sølv- og to bronsemedaljar i øvinga under norske meisterskap. Han var medlem i Lunner IL til 1953, sidan representerte han Vestheim IF 1954–56 og IK Tjalve frå 1957.
Sverre Øverby | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. februar 1929 |
Død | 19. mai 1996 (67 år) |
Idrett | friidrett |
Under noregsmeisterskapen i Stavanger i 1956 støytte Øverby kula 15,93 meter, ny meisterskapsrekord og einast 9 centimeter kortare enn Per Stavem sin norske rekord frå 1952. Etter meisterskapen vann Øverby seks stemne med støyt på frå 15,70 til 15,85 meter, men klarte ikkje å forbetre den personlege rekorden.
Øverby var busett i Oslo frå 1954. Han var tilsett i Forsvaret som idrettsoffiser.