Per Johan Stavem (1. mars 192624. september 2006) var ein lege, flygar og friidrettsutøvar frå Nordland. Han var busett i Bærum.

Per Stavem
Fødd 1. mars 1926
Sortland
Død

24. september 2006 (80 år)
Oslo

Yrke kulestøter, diskoskaster, tikjemper, professor

Liv og gjerningEndra

YrkeEndra

Stavem var fødd og oppvaksen i Sigerfjord i Sortland. I 1942 flykta han ut av landet til Göteborg og vidare over Færøyane til England. I England utdanna han seg til flygar ved flyskulen til Flyvåpenet. Frå oktober 1944 til 1951 var han jagarflygar i Forsvaret. Han byrja studere medisin og vart cand.med. i 1952 og dr.med i 1966. Frå 1966 til 1995 var han høvesvis assistentlege, dosent, overlege og professor ved hematologisk seksjon på Rikshospitalet. Han var spesialist i indremedisin frå 1965 og blodsjukdomar frå 1986.

IdrettEndra

Stavem var aktiv friidrettsmann. Han deltok i sommar-OL 1948 i London, der han vart nummer elleve i tikampen med 6 151 poeng. Både i 1951 og 1952 vart han noregsmeister i kulestøyt, i 1952 også i lengde utan tilløp. I 1952 vart han nummer åtte i kulestøyt med ny norsk rekord på 16,02 meter i finalen under sommarleikane i Helsingfors. Han vart elles nummer 16 i diskoskast med 46,00 meter i dei same leikane. Stavems personlege rekord i diskoskast var 47,49 meter, sett i september 1951 på nettop den same OL-arenaen. Stavem var aktiv i veteranklassar heilt fram til han døydde.

Medaljar i norske meisterskapEndra

  • 1951: Gull i kule – 15,00 m, framom Bjarne Engen (13,98 m)
  • 1952: Gull i kule – 15,06 m, framom Sverre Øverby (13,87 m), og bronse i diskos (46,11 m)
  • 1956: Sølv i kule – 15,16 m, bakom Sverre Øverby (15,93 m)

YmseEndra

Stavem var oppteken av språk, og som pensjonist ga han ut to diktsamlingar for eigen kostnad. På 1990-talet engasjerte han seg i den såkalla Rødseth-saka, der han hevda at Therese Rødseth leid av ein sjeldan sjukdom og ikkje hadde vorte mishandla av far sin.

KjelderEndra