Sverre Helland
Sverre Helland (18. september 1924–31. desember 2007) var ein gardbrukar og politikar frå Eikangervåg i Hordaland. Han var stortingsrepresentant for Senterpartiet frå 1969 til 1985.
Sverre Helland | |||
Fødd | 18. september 1924 Hamre kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 31. desember 2007 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, bonde, elektriker | ||
Alle verv |
|
Helland var son til ein gardbrukar, og tok i si tid over farsgarden. Frå 1947 til -51 arbeidde han som lærling i elektrofaget. Skuleåret 1951/52 gjekk han økonomilina ved Bondelagets folkehøgskole på Mysen. Åra frå 1957 til -60 utdanna han seg vidare på elektrolina ved Bergens tekniske skole. Same året som han fullførte skulen, grunnla han sitt eige firma, Helland Elektro & Co. Firmaet dreiv han til 1996.
Helland var heradsstyremedlem i Hamre herad perioden 1952-55. Seinare, etter kommunesamanslåingar, var han med i formannskapet i Lindås 1964-71, ordførar i perioden 1968-69.
Hausten 1969 vart Helland vald til å representere Hordaland og Senterpartiet på Stortinget. Gjennom seksten år var han tingmann, medlem 1969-77 i Industrikomiteen og 1.10.1977-15. april 1983 av Finanskomiteen. Dei siste to og ein halv sesjonane møtte han i Justiskomiteen. Helland var politisk nestformann i Senterpartiet frå 1981 til -83.
Helland vart i 2005 tildelt Kongens Fortenestemedalje i gull.