Opna hovudmenyen

Stortingsvalet 1969 var eit stortingsval i Noreg, hausten 1969. Oppslutninga var på 83,8 %. Det vart valt 150 stortingsrepresentantar. Valet var særs jamt mellom venstresida og høgresida. Ein kunne kome i den situasjonen at kvar side skulle få 75 representantar kvar. Då ville det ha vorte problematisk å avgjera kven som skulle danna regjering. Før stortingsvalet 1973 vart det lagt til fem ekstra mandat, for å unngå ein slik situasjon. Arbeidarpartiet gjekk fram i høve til stortingsvalet 1965, og fekk mest åleine halvdelen av alle mandata i Stortinget. Venstresida fekk ikkje fleirtal i Stortinget, i og med at Sosialistisk Folkeparti gjekk attende og ikkje fekk representantar denne gongen.

ResultatEndra

Parti Del av røystene (%) Endring i høve til 1965 Mandat Endring i høve til 1965
Arbeidarpartiet 46,5 + 3,4 74 + 6
Høgre 18,8 - 1,5 29 - 2
Senterpartiet 9,0 - 0,4 20 + 2
Kristeleg Folkeparti 7,8 0 14 + 1
Venstre 9,4 - 0,8 13 - 5
Sosialistisk Folkeparti 3,4 - 2,6 0 - 2
Noregs Kommunistiske Parti 1,0 - 0,4 0 0
Noregs Demokratiske Parti 0,03 + 0,02 0 0
Samefolkets Liste 0,02 + 0,02 0 0
Borgarlege felleslister 3,8 + 2,0 0
Fellesliste av Sosialistisk Folkeparti og Noregs Kommunistiske Parti 0,1 + 0,1 0 0
Total 100 0 150 0

¹Mandat frå borgarlege felleslister fordelt på einskilde parti.

Dei borgarlege felleslistene var:

Statistisk Sentralbyrå lagar ein statistikk over valresultatet med felleslistene oppløyst på dei einskilde partia. Resultata for desse partia på landsbasis vert då:

Politisk parti Røyster i prosent Endring frå 1965
Høgre 19,6 - 1,5
Kristeleg Folkeparti 9,4 + 1,3
Senterpartiet 10,5 + 0,6

KjelderEndra


Førre: 1965 Stortingsval Neste: 1973