Sverre Støstad

norsk skogs- og anleggsarbeidar og politikar

Sverre Kornelius Eilertsen Støstad (13. mai 18877. desember 1959), fødd i Stod, var ein norsk skogs- og anleggsarbeidar og politikar for Norges Kommunistiske Parti og Arbeidarpartiet.

Sverre Støstad

Fødd13. mai 1887
Stod kommune
Død7. desember 1959 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (1908; 1923), Norges Kommunistiske Parti (1923; 1927), Arbeidarpartiet (1927)
Yrkepolitikar
Alle verv

Yrkeskarriere endre

Han blei fødd på husmannsplassen Auntrøa under Støstad i Stod i noverande Steinkjer kommune. Han var først jord- og skogsarbeidar fram til 1908, deretter anleggs- og bygningsarbeidar fram til 1918. Frå 1918 var han busett i Trondheim og arbeidde som assistent ved Trondheims offentlege arbeidskontor si handverks- og handelsavdeling. Han var sosialrådmann i Trondheim 1945–1957.

Politisk arbeid endre

Støstad melde seg inn i Arbeiderpartiet første gong i 1908 og fekk snart verv knytt til arbeidarrørsla i Trondheim. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1921, men blei med over til Norges Kommunistiske Parti då partiet blei skipa i 1923, og blei då også den første formannen i NKP. Han markerte seg tidleg som ein del av NKP si høgrefløy og blei ikkje attvald som formann 1925.

Etter stortingsvalet 1924, der NKP gjorde eit dårlegare val enn venta, men der Sverre Støstad var blant dei få som NKP fekk vald inn på Stortinget, argumenterte Støstad for å samle dei tre arbeidarpartia. I tråd med dette deltok han på samlingskongressen mellom Arbeidarpartiet og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti i 1927, og blei følgjeleg ekskludert frå NKP. Han representerte deretter Arbeidarpartiet på Stortinget fram til 1949.

Sverre Støstad var parlamentarisk leiar for Arbeiderpartiet si stortingsgruppe i tre periodar: Under Hornsrud si korte regjeringsperiode i 1928, i perioden 1935–1939 og i perioden 1945–1947.

Sverre Støstad var statsråd og sjef for sosialdepartementet (sosialminister) i Johan Nygaardsvold si regjering frå 1939–1945, medlem av Regjeringsdelegasjonen som fungerande sjef for Sosialdepartementet og Forsyningsdepartementet 14.–31. mai 1945. Han blei vurdert som statsministerkandidat for Arbeiderpartiet då Einar Gerhardsen trekte seg som statsminister i 1951.

Kjelder endre