Sverrer Hakon Lundh

Sverrer Hakon Harald Olaf Lundh, vanlegvis omtalt som S.H. Lundh, (2. mars 18304. oktober 1921) var ein norsk forretningsmann som var ein «føregangsmann når det galdt å betra alle slag landbruksmaskinar og var på den måten i høg grad med å fremja norsk landbruk». Han var son til Gregers Fougner Lundh.

Sverrer Hakon Lundh
Fødd 2. mars 1830
Død

4. oktober 1921

Liv og gjerningEndra

S.H. Lundh var fødd i Christiania. Då far hans døydde, sat mora att med ansvar for 10 born. Seks år gamle Sverrer vart då send til ein prestefamilie og voks så opp i Gudbrandsdalen og seinare Valdres. I 1841 flytta han tilbake til familien i hovudstaden, med seg hadde han eit par ski og var ein av dei fyrste i Christiania som dreiv skiidrett.

Etter fire år på skule i hovudstaden, byrja Lundh som 16-åring å arbeide på Akers mek. Verksted. Eit års tid seinare gjekk han inn i Marine] og tok til som mekanikar på marineverftet i Horten. Til år 1855 var han maskinist om bord i marinefartøy. Han reiste då til Storbritannia og arbeidde på eit skipsverft i London og deretter i Glasgow. I Glasgow gjekk han på The Government School of Art and Design og fekk gullmedalje som beste elev ved skulen.

Frå 1868 dreiv S.H. Lundh maskinforretning, støypeverk og mekanisk verkstad i Kristiania. Dei neste tiåra spelte verksemda ei vesentleg rolle i å utvikle landbruksmaskinindustrien i Noreg. Han fekk ord på seg for å vere ein dyktig arbeidsgjevar, då hans eiga arbeidserfaring hadde positiv innverknad på dei tilsette i verksemdene styrte. Med sitt pågangsmot og ei ubøyeleg arbeidskraft ytte Lundh mykje til framgangen i norsk industri og landbruk.

KjelderEndra