Sveti Marko
Sveti Marko, tidlegare kalla Stradioti, er ei øy i Adriahavet i kommunen Tivat i Montenegro.
Sveti Marko ligg nær byen Tivat i Kotorbukta ved sida av øya Prevlaka.
Heile øya er dekt av grøne planter. I 1962 vart det bygd ein turiststad her med 500 hus bygd i Tahiti-stil utan innlagd vatn og elektrisitet. Fram til jugoslaviakrigane var øya ein særs populær turistdestinasjon. I dag er ho stort sett forlaten.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sveti Marko Island» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2008.