Svill eller sville er ein vassrett bjelke eller planke som har ulike roller i bygningar og jernbaner.[1]

Skisse av veggdelar:

1. Ekstra stender
2. Overdekning (vindusbjelke)
3. Toppsvill
4. Losholt
5. Stender
6. Botnsvill

Trebygg

endre

I bindingsverk ligg svillen eller botnsvillen nedst i veggen og ber stenderar eller stolpar. Øvst i fyrste etasje ber stenderane ein toppsvill. I etasjeskiljet ligg bjelkane på toppsvillen, og bjelkane ber svillen for stenderane til neste etasje. Øvste svillen i veggen ber loftsbjelkar og ofte sperrer.

I lafteverk blir botnsvillen ofte kalla syllstokk.

«Svill» kan også visa til ein dørstokk.

Jernbanesvillar

endre
For meir om dette emnet, sjå Jarnbanesville.
 
Betongsvillar

Jernbanesvillar er tverrgåande bjelkar som skjenane er feste i, og inngår derfor som ein del av overbygningen til jernbana. Svillane ligg oppå eot ballastlag av pukk. Dei overfører krefter frå skjenene til ballastlaget og underbygningen, held skjenene på høgkant og sikrar at sporvidda er rett.

Tradisjonelt har desse svillane vore i tre, men i moderne utbyggingar og oppgraderingar av jernbanenettet bruker ein gjerne betongsvillar. Der blir skjenene feste til svillene med innfestningsmekanismen Pandrol.

Tresvillane blir ofte impregnerte med kreosot for å auka livslengda.

Kjelder

endre