Sydvaranger AS var eit gruveselskap i Kirkenes, stifta i 1906 med tysk og norsk kapital. Dei vann ut jernmalm og var gjennom mesteparten av 1900-talet det største gruveselskapet i landet. Jernmalmen vart oppdaga i 1865 sør for Kirkenes av bergmeister Tellef Dahll, men funnet låg urørt fram til 1902, då forretningsmannen Christian August Anker sine malmleitarar oppdaga det på ny. Kartlegginga viste at førekomstane var særs store med eit malmareal på 1,2 millionar kvardratmeter, der Bjørnevatnførekomsten på nesten 300 000 kvadratmeter var den største. Jernførekomstane høyrer til ein kring 2,8 milliardar år gammal jernformasjon frå prekambrium. Den produktive delen i Noreg låg sør for Kirkenes, men mindre og fattigare malm slyngjer seg i eit belte frå Varangerbotn i vest, over Neiden og Kirkenes til forbi Murmansk i aust. Mykje av leveransane gjekk til Tyskland med båt.

Kirkenes med Sydvarangers anlegg

Eksport av jernmalm byrja i 1910. Malmen vart broten i dagbrot først og fremst i Bjørnevatnfeltet. Her vart han grovknust og frakta med jernbane til separasjons- og pelletsverk i Kirkenes, der det vart produsert jernslig (ca. 67 % jern) og pellets. Tysk-norske Fredrik Behrens var administrerande direktør 1911 til 1953 og leia etter den andre verdskrigen arbeidet med gjenoppbygginga av anlegga i Kirkenes og Bjørnevatn, som vart øydelagd av russisk bombing og tilbaketrekkinga til russarane i 1944. Selskapet starta på ny produksjon i 1952, då med stor statleg eigarandel og etter kvart òg med store offentlege tilskot. Malmbrytinga vart innstilt i 1996 og produksjonsmidlane seld. Totalt vart det produsert ca. 170 mill. tonn råmalm. Gruvene, jernbanen og hamneanlegget var frå 1999 eigd av Sør-Varanger kommune og Varangerkraft. I 2006 vart det seld til Oslo-reiarlaget Tschudi Shipping Company, som dreiv anlegget under namnet Sydvaranger Gruve AS frå 2009 til 2015.

A/S Sydvaranger var med å etablere Rana Gruber i 1937.

Kjelder endre

  • A/S Sydvaranger. (2. desember 2016). I Store norske leksikon. Henta 6. juni 2017.