Tellef Dahll

Tellef Dahll (fødd 10. april 1825 i Kragerø, død 17. juni 1893 i Morgedal) var ein norsk geolog.

Tellef Dahll
Tellef Dahll.jpeg
Fødd 10. april 1825
Kragerø kommune
Død

17. juni 1893 (68 år)

Yrke geolog, politikar

Han tok cand.min. i 1846 i Christiania og vart i 1850 bestyrar av Neskilens jerngruver ved Arendal. I 1861 vart han geschworner i vestre sønnafjelske distrikt og i 1872 bergmeister på same stad. Etter at Noregs geologiske undersøkingar vart skipa i 1858, leia han saman med Theodor Kjerulf den geologiske kartlegginga av Noreg. Først arbeidde han på Sørlandet og seinare i Nord-Noreg. Han oppdaga mellom anna apatittførekomstane i Bamble, gullet i Finnmark, koletAndøya og nikkelførekomstaneSenja.

Han gav ut mange geologiske kart og vitskaplege arbeid. Han representerte Bratsberg amtStortinget i 1865-1866.

VerkEndra

  • Mineralogiske Iagttagelser omkring Arendal og Kragerø (sm.m. David Forbes), i NMfN 8, 1855, s. 213–229
  • Profile durch die Gegend von Skien, Porsgrund und Langesund, i NMfN 9, 1856, s. 306–333
  • Om Tellemarkens Geologie, i NMfN 11, 1861, s. 137–172
  • Om Kongsbergs Ertsdistrikt (sm.m. Th. Kjerulf), i NMfN 11, 1861, s. 173–207
  • Om Jernertsenes Forekomst ved Arendal, Næs og Kragerø (sm.m. Th. Kjerulf), 1861
  • Geologisk Kart over det søndenfjeldske Norge omfattende Christiania, Hamar og Christiansands Stifter (sm.m. Th. Kjerulf), 1866
  • Geologisk Kart over Det nordlige Norge, 1879

KjelderEndra