Sylfest Lomheim (fødd 11. mars 1945) er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010[1] var han direktør for Språkrådet.

Sylfest Lomheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mars 1945 (79 år)
Hafslo
Yrke lingvist, politikar, filolog
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Partnar Lily Bandehy
Sylfest Lomheim på Commons

Karriere

endre

Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike. Lomheim var mellom 2004 og 2010 direktør i Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg.

Sylfest Lomheim er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.

Bibliografi

endre

Bøker

endre
  • 1971 – Stortingsspørsmålet 1961-1968 : en analyse av politisk kansellispråk (Oslo)
  • 1984 – Metaforanalyse og metaforomsetjing (Kristiansand)

Omsetjingar

  • Ousmane, Sembène: Når røter losnar : to noveller frå Senegal ; frå fransk ved Sylfest Lomheim. - Oslo : Samlaget , 1979 - 161 sider - (Orion-bøkene ; 228). - Innhold: Véhi-Ciosane eller Nytt liv ; Pengetilvisinga. - Originaltitler: Véhi-Ciosane ou Blanche Genèse ; Le mandat ISBN 82-521-0926-8
  • Illich, Ivan: Teknologi for jamvektssamfunnet ; omsett av Svein Erik Loraas og Sylfest Lomheim. - Oslo : Pax , 1977 - 149 sider - (Pax-bøkene) ; - Originaltittel: Tools for conviviality ISBN 82-530-0869-4

Medforfattar

  • 1997 – Cross-cultural communication : a case study of cooperation between members of staff at Institute of Development Management, Tanzania, and Agder College, Norway (Kristiansand: Agder universitet). ISBN 82-7117-350-2  [Av Emmanuel Matiku og Sylfest Lomheim ; research assistant : Letisia Warioba]

I bøker - eit utval

endre
  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-521-7151-8  [Av innhaldet: Pilastein / Sylfest Lomheim, s. 170-177]
  • 2008 – Juleglimt (Førde: Selja). ISBN 978-82-91722-97-9  [Av innhaldet: Lys i stillegrender / Sylfest Lomheim, s. 82-87]

Kjelder

endre
  1. «Sylfest. Punktum.» - Språknytt 3/2010. Henta 5. juni 2016.

Bakgrunnsstoff

endre
  • Sylfest Lomheim direktør ved nytt kompetansesenter for norsk språk (Pressemelding 21.08.2003)