Sylvia Rafael eller Sylvia Rafael Schjødt (1. april 19379. februar 2005) var ein israelsk etterretningsagent og dømd for drap i Noreg. Sylvia Rafael vart fødd i Sør-Afrika. Ho var av jødisk avstamming, og i mars 1973 reiste ho til Israel for å busetja seg der. Etter nokre veker vart ho rekruttert av den israelske etterretningsorganisasjonen Mossad. Ho vart gjeven ordre om å vera med på den såkalla Lillehammer-aksjonen. Israelske agentar skaut ned marokkanaren Ahmed Bouchikhi den 21. juli 1973Lillehammer. Fem av agentane vart tekne av norsk politi. Truleg var målet å ta livet av Svart September leiaren Ali Hassan Salameh, slik at det var feil person som vart drepen.

Sylvia Rafael
Statsborgarskap Sør-Afrika
Fødd 1. april 1937
Cape Town
Død

10. februar 2005 (67 år)
Pretoria

Yrke spion
Språk engelsk
Sylvia Rafael på Commons
Sylvia Rafael si grav i Ramat HaKovesh gravlund

I februar 1974 vart ho dømd til fem og eit halvt års fengsel for medverknad til overlagt drap, spionasje for framand makt og bruk av falske pass.

Allereie 23. mai 1975 vart Sylvia Rafael og Abraham Gehmer overraskande frigjevne frå fengsel av "tryggleiksmessige grunnar". Dei to kom seg til Israel før frigjevinga vart offentleg kjend.

Nyttårsafta 1976 dukka ho opp att i Oslo som nygift med den tidlegare forsvararen Annæus Schjødt, men vart deportert frå landet. Seinare fekk ho opphaldsløyve og budde ei stund i Oslo fram ho og Annæus Schjødt flytta til Sør-Afrika i 1992.

Litteratur endre

  • Norges offentlige utredninger NOU 2000, 6: Lillehammer-saken. Omstendigheter rundt drapet på Ahmed Bouchikhi den 21. juli 1973 og sakens senere håndtering av norske myndigheter.

Rapport frå eit granskingsutval oppnemnt ved kongeleg resolusjon av 20. november 1998. Avgjeve til Justis- og politidepartementet den 1. mars 2000. Nettversjon