Spionasje vil seie å skaffe seg hemmeleg informasjon frå konkurrentar eller fiendar utan løyve til dette. Spionasje kan vere ulovleg, og dermed ikkje det same som etterretning.[1] Dersom ein borgar av ein stat spionerer på sin eigen stat til fordel for ei framand makt vert dette som regel sett på som ei form for landssvik. I mange land er straffa for spionasje i krigstid anten dødsstraff eller livstid i fengsel. Spionasje vert likevel utført for å få ein militær, politisk eller økonomisk fordel. Vanlegvis er spionasje organisert av eit firma eller ein stat. Ein spion er ein person som er verksam for å få tak i slike løyndomar. Tradisjonelt har spionasje vore sett på som noko som statar driv med mot sine potensielle eller faktiske fiendar, men i dei seinare åra har spionasje mellom ulike private firma (industrispionasje), vorte meir aktuelt. Mange land spionerer regelmessig på andre land sjølv om dei som regel nektar for dette.

Den norske Sikkerhetsloven definerer i §3 spionasje som «innsamling av informasjon ved hjelp av fordekte midler i etterretningsmessig hensikt.»

Under den kalde krigen var det ein intens spionasje mellom USA og deira allierte på ei side og Sovjetunionen og deira allierte på den andre. I dei siste åra har mykje statleg spionasje dreia seg om narkohandel og terrorisme. Enkelte etterretningsorganisasjonar nyttar òg spionar til å myrde eller kidnappe personar dei ser på som trugsmål mot tryggleiken til det aktuelle landet, mellom desse kan ein nemne den israelske organisasjonen Mossad. Etterretningsorganisasjonar har òg vore involverte i meir eller mindre fordekte militære og paramilitære operasjonar som til dømes mord, kidnapping, sabotasje, geriljakrigføring, konvensjonell krigføring bak fienden sine linjer og statskupp. Mange operasjonar utførte av CIA under den kalde krigen og no under «krigen mot terror» fell inn under denne siste kategorien.

Nokre organisasjonar for spionasje endre


Spionasjeteknikkar og -teknologiar endre

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «Espionage». MI5. 

Bakgrunnsstoff endre