Symfoni nr. 26 av Haydn

Symfoni nr. 26 i D-moll, Hoboken 1/26, er ein av dei tidlege Sturm und Drang-symfoniane skrivne av Joseph Haydn. Han vert populært kalla Lamentatione.

Symfoni nr. 26
H. I/26
Symfoni av Joseph Haydn
SjangerSymfoni
PeriodeKlassisismen
Komponert1768
Typisk lengd14:38
Satsar/akter4
Toneartd-moll

Bakgrunn endre

Haydn skreiv symfonien for påske. H. C. Robbins Landon har datert komposisjonen til 1768 (kanskje 1769).[1], men utan det signerte originalmanuskriptet er det umogeleg å verifisere dette. Tidlegare trudde ein at symfonien vart skriven for jul.

Han er eit tidleg døme på Sturm und Drang-stilen som prega mykje av symfoniane til Haydn fram til 1774 eller 1775.

Sidan Haydn sine dagar har symfonien hatt kallenamnet «Lamentatione» på grunn av Kristus-motivet i opninga av den andre satsen.

Satsar endre

Verket er i tre satsar, og endar med ein menuett og trio. Han er instrumentert for to oboar, to fagottar, valthorn, pauke, continuo (cembalo) og ein strykeseksjon med første- og andre fiolinar, bratsjar, celloar og kontrabasses. Sjølv om det ikkje finst ein sjølvstendig del for kontrabassen, kan han ha følgt celloen ein oktav under.

  1. Allegro assai con spirito, 4/4
  2. Adagio, 2/4
  3. Menuett e Trio, 3/4

Kjelder endre

  1. Zaslaw, Neal (1982). «Mozart, Haydn og the Sinfonia da Chiesa». The Journal of Musicology 1 (1): 123. ISSN 0277-9269. doi:10.1525/jm.1982.1.1.03a00140. Henta 26. september 2007.