Symphonion Dream
Studioalbum av Nitty Gritty Dirt Band
Utgjeve September 1975
Innspelt 1975
Sjanger Countryrock, country, bluegrass
Lengd 42:55
Selskap United Artists
Produsent William E. McEuen
Nitty Gritty Dirt Band-kronologi 
Stars & Stripes Forever
(1974)
Symphonion Dream Dirt, Silver and Gold
(1976)


Symphonion Dream er det åttande studioalbumet til Nitty Gritty Dirt Band. Dei fekk med seg gjestemusikarane Leon Russell og Linda Ronstadt, i tillegg til skodespelaren Gary Busey, som stod oppført som «Teddy Jack Eddy» og spelte ymse perkusjonsinstrument.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Rolling Stone(negativ)[2]

Albumet var det første reine studioalbumet deira sidan Will the Circle Be Unbroken og var eit ganske annleis album med psykedelisk country og bluegrass.[1]

Allmusic skildra mange av songane på albumet: «Albumet har ei hardare, elektriisk countrykjensle på «Bayou Jubilee», som glir rett over i bluegrassinstrumentalen «Sally Was a Goodun». Ronstadt syng flott på «Hey Good Lookin'», men det er elles hovudsakleg The Dirt Band som syng, inkludert ei strålande utgåve av «(All I Have to Do Is) Dream». Gruppa har tidlegare gjeve ut eit morosamt konsertopptak av Jimmie Driftwood sin «The Battle of New Orleans», og dei speler han her i ein noko meir funky studioversjon. John McEuen gjev òg ein smak av ein stil han kom til å utforske på seinare soloalbum med «Classical Banjo I/Malaguena/Classical Banjo II».. Dei spelte òg ein instrumental som ikkje var country, «Sleeping on the Beach», som kunne ha vore på eit instrumentalt stemningsalbum frå 1950-åra, og dei følgjer opp med William McEuen sin karneval-inspirerte «Santa Monica Pier», som glir over i ein flott, tapt singel «Ripplin' Waters» av Jim Ibbotson. Albumet avsluttar med William McEuen sin vindharpeinstrumental og eit speledåsestykke kalla «Symphonion Montage».»[1]

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Winter White (Wind Harp)»Jimmie Fadden1:17
2.«Raleigh-Durham Reel»John McEuen, Jeff Hanna, James Ibbotson, Jimmie Fadden3:31
3.«The Battle of New Orleans»Jimmy Driftwood3:55
4.«Bayou Jubilee»Jeff Hanna2:47
5.«Sally Was a Goodun»John McEuen, Jeff Hanna, James Ibbotson, Jimmie Fadden0:44
6.«Hey Good Lookin'»Hank Williams1:50
7.«Classical Banjo 1/Malaguena/Classical Banjo 2»John McEuen, Ernesto Lecuona3:27
8.«Daddy Was a Sailor (Jimmie Fadden)»Jimmie Fadden2:54
9.«Sleeping on the Beach»Jimmie Fadden1:32
10.«Santa Monica Pier»John McEuen2:50
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Ripplin' Waters»James Ibbotson5:55
12.«All I Have to Do is Dream»Boudleaux Bryant, Felice Bryant3:51
13.«Mother of Love»Ken Edwards2:43
14.«The Moon Just Turned Blue»J.D. Souther2:43
15.«Got To Travel On»Paul Clayton, Larry Ehrlich, Dave Lazar1:05
16.«Joshua Come Home»James Ibbotson3:32
17.«Solstice (Wind Harp)»James Ibbotson1:24
18.«Symphonion Montage»James Ibbotson0:54

Medverkande

endre
  • John McEuen - gitar, banjo, fele, mandolin, steelgitar, vokal
  • Jimmie Fadden - gitar, munnspel, trommer, vokal
  • Jeff Hanna - gitar, trommer, vokal
  • Jimmy Ibbotson - gitar, bass, klaverinstrument, trommer, vokal

Andre artistar

  • Les Thompson - bass, gitar, vokal
  • Leon Russell - piano, klaverinstrument, synthesizer, trommer, chimes, gourd, vokal
  • Linda Ronstadt - vokal
  • Gary Busey - trommer, timbales, bjøller, kubjølle
  • Paul Harris - piano
  • Alice McEuen - korvokal
  • Kae McEuen - korvokal
  • Rae Hanna - korvokal
  • Jim Ratts - korvokal
  • Mary McCreary - korvokal
  • Mary Stevens - korvokal

Produksjon

endre

Kjelder

endre