Synkopetida (500700-talet) er den siste delen av urnordisk tid. Denne tidbolken vert òg kalla yngre urnordisk tid. Urnordisk tid reknar ein frå 200- til 700-talet. Språket i Noreg og Skandinavia i denne tidbolken vert kalla urnordisk, eller nordgermansk.

«Synkopetid» er samansett med ordet «synkope», og viser til at vokalar inne i orda fall bort, slik at orda vart kortare. Til dømes reknar ein med at det urnordiske ordet for 'mann', wiraR blei korta ned til norrønt verr.[1]

Omlydar og brytingar var òg viktige språklege endringar i denne perioden. Ved byrjinga av norrøn tid, rundt 700, reknar ein med at språket hadde stabilisert seg til norrønt.

Futhark, den eldste runerekkja, vart nytta som skrifttegn i synkopetida.

Kjelder endre

  1. «Synkope: språkvitenskap» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 8. desember 2013.