Opna hovudmenyen

Urnordisk eller frumnorderlendsk er språksteget i dei skandinaviske språka i tida mellom ca år 200 og 500 av den vestlege tidsrekninga og var språksteget mellom urgermansk (ca 2000 fvt.200 evt.) og synkopetida (500700) — då dei mest trykklette stavingane fall bort og det norrøne kom til.

PrimærkjelderEndra

Ein har funne ca 200 ulike runeinnskrifter på det urnordiske språket jamt fordelt over heile Skandinavia. Innskrifta på dei danske gullhorna som truleg er frå 400-talet evt., er det best kjente dømet på urnordisk språk. Ho lyder slik: «ek Hlewagastiʀ holtijaʀ horna tawido.» Teksten ville på norrønt lyda om lag slik: Ek Hlégestr hyltir horn táða. Gullhorninnskrifta vert ofte omsett slik: Eg Legjest frå Holt (eller skogmannen eller Holts sønn) gjorde hornet. R indikerer eit fonem som vart uttala som ein mellomting mellom stemt s og en tungespiss-r. I norrøn tid fall R saman med r. Over alt i Skandinavia møter ein den same språkforma i urnordiske runeinnskrifter, men nokre meiner dei kan sjå somme lokale skilnader i grammatikken.

ForskingshistorieEndra

Urnordisk er eit så arkaisk språkform at ein frå tysk side har hevda at gullhorninnskrifta like gjerne kunne vera gammal tysk. Men om gullhorna er frå 400-talet evt. og urnordisk då hadde vore skilt frå urgermansk i over to hundre år, vert den tyske påstanden lite truverdig. Gamalhøgtysk reknar ein frå 700-talet — altså etter synkopetida.

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.