Synste Møre er ei avis som vert utgjeven i Vanylven i på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Avisa er lokalavis for Vanylven og dei næraste bygdene. Hovudkontoret ligg i Fiskåbygd.

Synste Møre er eigd av aksjeselskapet Synste Møre AS. Per G. Osnes (19341990) starta bygdebladet Synste Møre i januar 1970. Mellom 1987 og 2000 heitte avisa VestAvisa.

Avisa vert redigert på nynorsk.

Opplagstal

endre

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag

2004 2 197
2005 2 244
2006 2 274
2007 2 358

2009 2 371
2010 2 382
2014 2 211

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
  Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.