Télévision Nationale d'Haïti
(Omdirigert frå Télévision Nationale d’Haïti)
Télévision Nationale d'Haïti (TNH) er den statlege fjernsynskringkastaren i Haiti. Han vart stifta 23. desember 1979 under Informasjons- og koordineringsdepartementet, og var den andre fjernsynsstasjonen i Haiti etter Télé Haïti som hadde kanal 2 og 4, der den sistnemnde var på engelsk. TNH sender både på fransk og haitisk.
Télévision Nationale d'Haïti | |||
| |||
Org.form | Statleg selskap | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1979 | ||
Hovudkontor | Port-au-Prince | ||
Land | Haiti | ||
Nettstad | http://www.rtnh.ht/ |
I 1987 vart han slått saman med den statlege Radio Nationale til eit nettverk som vart kalla RTNH (Radio Télévision Nationale d’Haïti) og i 1995 tok Kulturdepartementet i Haiti over nettverket.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Télévision Nationale d'Haïti» frå Wikipedia på bokmål, den 29. april 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstaden til TNH Arkivert 2015-02-17 ved Wayback Machine.