59°30′35″N 11°50′31″E / 59.509678°N 11.84206°E / 59.509678; 11.84206

Töcksfors shoppingcenter

Töcksfors er ein svensk tettstad i Årjängs kommun i Värmlands län, i landskapet Värmland. I 2018 hadde tettstaden 1 247 innbyggjarar.

Töcksfors i Årjängs kommun

Töcksfors ligg ved Europaveg 18, 5 km frå grensa til Noreg. Staden har eit stort kjøpesenter som blei opna i 2005. Senteret har eit 40-tals butikkar med 28 000 m² butikkareal, eitt av dei tre store kjøpesentera for grensehandel langs svenskegrensa, og vert mest nytta av nordmenn for «Harryhandel» (grensehandel). Dette er planlagt utbygt i to fasar, den den første starta i slutten på 2011 og er rekna til 5000 m². I fase 2 er dette tenkt til å auka med ytterlegare 7000 m². I 2012 opna eit nytt kjøpesenter ved Lindudden like vest for sentrum ved E18 som blir på kring 20 000 kvadratmeter.

Bortsett frå dette har Töcksfors fin natur å vise fram, store skogar og eit variert dyreliv med mykje elg og vilt. E18 krysser Dalslands kanal i Töcksfors, og både nordover og sørover gjev vassvegane gode båt- og kanotilhøve.

Kjelder

endre