Tøsse Mølle

norsk mølleverksemd

Tøsse Mølle er ei mølleverksemd som ligg på Osterøy utanfor Bergen.[1] Mølla vart etablert i 1866, og har produsert havregryn sidan 1906. Tøsse Mølle er kjend for å skapt merkenamnet Bjørn havregryn. I 1993 overtok Orkla Bjørn havregryn, og flytta produksjonen til Moss.

Tøsse Mølle
Org.formAksjeselskap
Org.nr.968410199
HovudkontorTyssebotn
LandNoreg
Nettstadhttps://www.tossemolle.no/no/ (norsk)

Tøsse Mølle - Møllehuset er ei rein havremølle, og er kjend for den særeigne tørkemåten. Prosessen går over fire etasjar, og set ekstra god smak på havregryna. I dag er det Tøsse havregryn som vert produsert på Tøsse Mølle.

Mølla har vore familiedriven heilt attende til 1866, og har vore gjennom ei spanande historie. I dag er det 5. generasjon som eig og driv Tøsse Mølle - Møllehuset.

Kjelder

endre
  1. «Tøsse Mølle», tosse-molle.webnode.com (på engelsk), henta 3. november 2021 

Bakgrunnsstoff

endre