40°0′42.620″N 52°57′20.329″E / 40.01183889°N 52.95564694°E / 40.01183889; 52.95564694

Türkmenbaşy
by
Land  Turkmenistan
Folketal 73 000  (2010)
Tidssone UTC+5
Kart
Türkmenbaşy
40°01′00″N 52°58′00″E / 40.016666666667°N 52.966666666667°E / 40.016666666667; 52.966666666667
Wikimedia Commons: Turkmenbashi
Fra havnen i Türkmenbaşy

Türkmenbaşy (tidlegare kjend som Krasnovodsk, russisk skrift Красноводск) er ein by i Turkmenistan. Byen ligg i Balkan-provinsen vest i landet, ved Kaspihavet.

Historie

endre

I 1717 skipa den russiske fyrsten Aleksandar Bekovitsj-Tsjerkasskij ei hemmeleg befesting ved Kaspihavet, ved det tørre elveleiet til det tidlegare utløpet av Amu-Darya. Fram til 1600-talet munna elva ut her, i alle fall så lenge Aralsjøen var vesentleg større. Planen hans var å føra hærstyrkane sine opp det tørre elveleiet og erobra khanatet Khiva. Ekspedisjonen slo feil, og russarane gav opp busetjinga i over 150 år.

Krasnovodsk

endre
 
Jernebanestasjonen i Krasnovodsk, 1902

I 1869 gjekk russiske styrkar inn i området på nytt. Dei kalte fetningen sin her Krasnovodsk (Красноводск), ei russisk omsetjing av det opphavlege namnet på staden, Kyzyl-Su ('raudt vatn'). Krasnovodsk var base for Tsar-Russland sin ekspedisjonar mot Khiva, Bukhara og dei nomadiske turkmenske stammane.

Jernbanen, det vil seia det som no er den transkaspiske jernbanen, hadde opphavleg startpunkt i Uzun-Ada ved Kaspihavet. Dette blei seinare flytta nordover, til hamna ved Krasnovodsk.[1]

Byen blei teken av Den raude armeen i februar 1920.

Türkmenbaşy

endre

I 1993 blei byen døypt om til ære for den turkmenske livstidspresidenten Saparmurat Nijazov, som titulerte seg Türkmenbaşy ('leiar for turkmenarane'). Dei fleste innbyggjarane i byen er framleis etniske russarar.

Kjelder

endre
  1. The United Service Magazine (på engelsk), H. Colburn, 1900, henta 8. januar 2021 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Türkmenbaşy