Vjosë eller Aóos (gresk Αώος, latin Aous) er ei elv som renn gjennom nordvestlege område av Hellas og sørvestlege område av Albania. Den totale lengda er 272 km, der 80 km høyrer til Hellas. Ho spring ut frå Píndosfjella i nordlege delar av periferieininga Ioánnina i Ípiros i Hellas, og strøymer gjennom nasjonalparken Víkos-Aóos, der ho dannar imponerande gjel. Vidare strøymer elva mot Adriahavet, nord for Vlorë. Byar lengs elva er mellom anna Kónitsa i Hellas, og Përmet og Tepelenë i Albania.

Vjosë
elv
Vjosë i nærleiken av Tepelenë
Land  Hellas,  Albania
Renn gjennom Kónitsa (Hellas), Përmet
og Tepelenë (Albania).
Lengd 272 km
Kjelde Píndosfjella i Ípiros i Hellas
Munning Adriahavet nord for Vlorë
Kart
Vjosë
40°38′34″N 19°19′02″E / 40.642777777778°N 19.317222222222°E / 40.642777777778; 19.317222222222
Wikimedia Commons: River Aoos-Vjosa

I antikken strøymde elva lenger nordover enn i dag, til byane Pojan og Fier. Eit jordskjelv300-talet før derimot til at elveleiet endra seg til slik som elva renn i dag. Dette jordskjelvet og endringa av elva var hovudårsaka til at den antikke byen Apollonia forfall.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.