T-baneringen
Ringen er ei dobbeltspora T-baneline i T-banenettet i Oslo som går mellom stasjonane Ullevål stadion på Sognsvannsbanen og Carl Bernes plass på Grorudbanen via Nydalen og Storo. Ved at lina er eit tverrsamand mellom desse to linene, skapar ho ei ringbane over desse to linene og fellestunnelen for T-banelinene gjennom sentrum. Lina, som har tre stasjonar med plattform mellom spora i staden for på kvar si side av spora, vart bygd i åra 2000 - 2006, og har ein stasjon, Nydalen stasjon, liggande under jorda.
Ringen T-baneringen | |
Nydalen T-banestasjon på Ringen | |
Info | |
Land | Noreg |
Type | tunnelbane |
System | T-banen i Oslo |
Status | open for trafikk |
Tal på stasjonar | 3 |
Drift | |
Opna | 2003: strekning Ullevål stadion-Storo 2006: strekning Storo-Carl Berners plass |
Eigar | AS Oslo Sporveier |
Operatør(ar) | Oslo T-banedrift |
Type trafikk | kolektivtrafikk |
Teknisk | |
Sporvidd | 1435 mm |
Lengd | 5 km |
Mellom stasjonane Ullevål stadion og Storo, og mellom stasjonane Sinsen og Carl Berners plass, går lina i tunnel, elles ligg ei stutt strekning forbi Grefsen jarnbanestasjon på Gjøvikbanen i dagen. Her er det òg eit spor som knyt T-banenettet til jarnbanenettet, og soleis gjer det mogleg å køyre vedlikehaldsmaskinar for skjenegangen frå jarnbanen over på T-banen. Men korkje T-banetoga eller toga på jarnbanen kan køyrast på det andre nettet.
Mellom Sinsen stasjon på Ringen og Økern stasjon på Grorudbanen går T-banelina Lørenbanen, ferdig i 2016. Denne banen gjer det mogleg å køyre tog mellom sentrum av Oslo og Groruddalen over Sognsvannsbanen - Ringen - Lørenbanen - Grorudbanen.