Tahr
Tahr[1] (frå pahari)[2] er ei gruppe store klauvdyr som minnar om og er i slekt med geiter og sauer. Det finst tre ulike artar av tahr, alle frå Asia. Ein trudde tidlegare at dei var nært i slekt med kvarandre og plasserte dei i ei biologisk slekt, Hemitragus. Genetiske studiar har seinare vist at dei ikkje er så nært i slekt som ein trudde, og dei er no plasserte i kvar si monotypiske slekt: Hemitragus blir no bruk for himalayatahr, Nilgiritragus for nilgiritahr og Arabitragus for arabisk tahr.[3]
Område
endreBåde arabisk tahr i Oman og nilgiritahr i Sør-India har begge små utbreiingsområde og er rekna som tryga artar, medan himalayatahr er relativt utbreidd i Himalaya. Denne arten er også blitt introdusert til Søralpane på New Zealand, der det blir drive jakt på han. Eit tahr-par som rømte frå ein dyrehage i Sør-Afrika i 1936 etablerte ein populasjon på Table Mountain ved Cape Town,[4] men det meste av denne er blitt utrydda.[5] Nilgiritahr held til i fjellområde i Sør-India. I 1998 fanst det rundt 1400 individ av arten, med den største populasjonen fordelt mellom dei indiske statane Tamil Nadu og Kerala, sårbar for krypjakt.[6]
Kjelder
endre- ↑ «TAHR | Meaning & Definition for UK English | Lexico.com». Lexico Dictionaries | English (på engelsk). Arkivert frå originalen 13. februar 2022. Henta 13. februar 2022.
- ↑ «tahr». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005. (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
- ↑ Ropiquet, A. & Hassanin, A. 2005. Molecular evidence for the polyphyly of the genus Hemitragus (Mammalia, Bovidae). Molecular Phylogenetics and Evolution 36(1):154-168
- ↑ Irwin, Ron (September 28, 2001). «Time Running Out for Exotic Tahrs in Cape Town». National Geographic News. Henta April 17, 2014.
- ↑ Bamford, Helen (February 19, 2011). «Mountain rangers braai tahr». IOL News. Henta April 17, 2014.
- ↑ Mishra, Charudutt; Johnsingh, A. J. T (1. november 1998). «Population and conservation status of the Nilgiri tahr Hemitragus hylocrius in Anamalai Hills, south India». Biological Conservation (på engelsk) 86 (2): 199–206. ISSN 0006-3207. doi:10.1016/S0006-3207(98)00004-4.
- Denne artikkelen bygger på «Tahr» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2022.