Taisija Filippovna Tsjentsjik[a] (30. januar 193619. november 2013) var ein høgdehoppar frå Pryluky i Ukraina som tevla for Sovjetunionen. Ho vart europameister i høgdehopp i 1966 og tok OL-bronse i same øvinga i 1964.

Taisija Tsjentsjyk
Taisia Chenchik 1959.jpg
Fødd 30. januar 1936
Pryluky
Død

19. november 2013
Tsjeljabinsk

Yrke friidrettsutøvar
Taisija Tsjentsjyk på Commons

AktivEndra

Tsjentsjik vart sovjetmeister i høgdehopp i 1957, 1958 og 1959. Under europameisterskapen 1958 i Stockholm vann ho sølvmedaljen med 1,70 meter, sju centimeter bak den suverene Iolanda Balaș frå Romania. I 1959 sette Tsjentsjik ny personleg rekord med 1,78 meter. Ho vart nummer fem i høgdetevlinga under sommarleikane i Roma med 1,68 meter.

I 1962 enda ho på sjetteplassen i europameisterskapen 1962 i Beograd med 1,64 meter. Året etter vann høgdehopptevlinga i universiaden i Porto Alegre med 1,72 meter. Under dei olympiske leikane 1964 i Tokyo tangerte ho sin personlege rekord på 1,78 meter og vann OL-bronsen, der Iolanda Balaș for fjerde gong på rad vann ein suveren siger i dei store meisterskapane. Same sesongen vart ho sovjetisk meister i øvinga for fjerde og siste gong.

Høgdepunktet for høgdehopparen Tsjentsjik kom i europameisterskapen 1966 i Budapest, der Balaș ikkje stilte til start. Tsjentsjik vann med 1,75 meter, medan landslagskollega Ljudmila Komleva tok sølv med 1,73 m. I 1967 vart Tsjentsjik europeisk innandørmeister i Sofia ved å gå over 1,76 meter.

MerknadarEndra

  1. Russisk skrift Таисия Филипповна Ченчик

KjelderEndra