Takvam haldeplass
Takvam haldeplass ligg på Takvam i Arna i Bergen kommune og var ein haldeplass på Bergensbanen. Han vart opna 11. desember 1966 etter ei omlegging av traséen i område og erstatta tidlegare Herland haldeplass.[1]
Takvam haldeplass | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Takvam |
Koordinatar | 60°25′15″N 5°31′19″E / 60.42083°N 5.52194°E |
Distanse | 458,63 km frå Oslo |
Opna | 11. desember 1966 |
Nedlagd | 9. september 2012 |
Plattformer | 1 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Bergensbanen |
Overgang | |
Takvam ligg mellom Trengereid stasjon og Arna stasjon, 458,63 km frå Oslo. Haldeplassen består av ei plattform og eit leskur, men persontrafikken på haldeplassen vart nedlagd 9. september 2012.
Det var nokre av lokaltoga Bergen-Voss-Myrdal som stoppa på haldeplassen fram til 2012, to tog i kvar retning måndag-fredag.
Fotnotar
endre- ↑ ««Takvam» på nettstaden til Jernbaneverket». Vitja 4. desember 2009