Trengereid stasjon
Trengereid stasjon ligg på Trengereid i Bergen kommune i Vestland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. Det er lokaltoga som går Bergen-Voss-Myrdal som stoppar ved stasjonen. Frå 1883 til 1894 vart stasjonsnamnet skrive Trængereid.[1]
Trengereid stasjon | |
Trengereid stasjon i 2007. Foto: Svein Harkestad
| |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Trengereid, Bergen (Vestland) |
Koordinatar | 60°25′45″N 5°37′27″E / 60.42917°N 5.62417°E |
Distanse | 452,41 km frå Oslo |
Høgd | 15,7 moh. |
Opna | 1883 |
Arkitekt | Balthazar Lange |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Bergensbanen |
Eigar(ar) | Bane NOR |
Operatør(ar) | Vy Tog |
Overgang | |
Trengereid ligg mellom Bogegrend haldeplass og Takvam haldeplass, 452,41 km frå Oslo.
Stasjonsbygningen er teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna stasjon, Stanghelle stasjon, Dale stasjon (sidan flytt til Reimegrend stasjon), Bolstadøyri stasjon, Evanger stasjon og Bulken stasjon på Vossabanen.[2] Då Bergensbanen vart opna vart mange av desse stasjonsbygningane forlenga.
Fotnotar
endre- ↑ ««Trengereid» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb». Vitja 5. desember 2009
- ↑ Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie. Oslo: Gyldendal. s. 141. ISBN 8205252947.