Tammerfors-Birkala (finskTampere-Pirkkala) lufthamn (IATATMP, ICAO: EFTP) ligg i kommunen Birkala, 17 kilometer sørvest for Tammerfors. Ho er den tredje travlaste lufthamna og den nest travlaste internasjonale lufthamna i Finland. Tammerfors-Birkala er òg ein av dei raskast veksande flyplassane i Finland, som gjekk frå 256 380 passasjerar i 2000 til 709 356 passasjerar i 2008, det vil seia ein auke frå 2007 på 3,1 %. Grunnen kan vera at flyselskapet Ryanair flyg frå flyplassen til mange andre deler av Europa.