Ein tange er ein topografisk eller geografisk formasjon, ein spiss av landet som stikk ut i eit vann. Det dreier seg oftast om eit langt nes eller odde.

Som stadsnamn, gjerne i samansette ord, blir ofte den bundne forma «tangen» nytta, for eksempel Tangen i Stange kommune i Hedmark, eller i samansett form, som Revtangen i Klepp kommune.

Omgrepet blir òg nytta om ein del av ein kniv, ostehøvel eller eit anna jern som blir festa til eit handtak eller eit skaft. Tangen utgjer då ein lang, smal del av kniven, bak sjølve knivbladet. Det blir banka inn i skaftet, og denne delen av kniven vert kalla tange.

KjelderEndra