Tangram av Tangerine Dream

studioalbum av Tangerine Dream
Tangram
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Mai 1980
Innspelt 1980, Polygon Studios i Berlin
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 40:15
Selskap Virgin
Produsent Edgar Froese, Chris Franke
Tangerine Dream-kronologi 
Force Majeure
(1979)
Tangram Quichotte
(Pergamon)

(1980)


Tangram er det 13. albumet og det tiande studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, utgjeve i mai 1980. Det vart det femte bestseljande albumet deira i Storbritannia med ein 36. plass på albumlista.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Oversyn endre

I 1979 møtte Edgar Froese Johannes Schmoelling, som vart med i Tangerine Dream og gruppa vart igjen ein trio. Denne besetninga kom av mange fans til å bli rekna som den sterkaste besetninga i historia til bandet. Det første nye prosjektet til denne besetninga var Tangram. Tittelen kom frå eit særs gammalt, kinesisk puslespel og kom ut våren 1980. Det vart spelt inn i det nye studioet til Chris Franke, Polygon i Berlin, og var delt i to delar som kvar tok opp si plateside. Kvar av dei to delane inneheld mange satsar, der somme er rytmiske og somme atmosfæriske. Musikken er blitt skildra som varmare og nesten symfoniske samanlikna med tidlegare Tangerine Dream-album.[3] Tangram kom ut ved vendepunktet mellom to musikalske periodar med blikk attende på tida med dei «lange klassiske sekvenserane» og eit blikk framover mot kortare new age-musikk.

Ei tidleg konsertutgåve i Berlin (spelt inn i januar 1980 og dokumentert på Quichotte, seinare kalla Pergamon) inneheld passasjar som minnar om Tangram.

Schmoelling sa i 1994: «Før eg kom inn i bandet, følte eg at musikken til Tangerine Dream i hovudsak var bygd på sekvenser-sløyfer, meir eller mindre i ein toneart, utan harmoniske endringar og lange improvisasjonar. Då eg kom inn, prøvde me ei blanding med meir strukturerte element med meir jazzorienterte akkordar, komponerte melodiar og synthesizersoloar som likna på rock.»[3]

Plateomslaget var laga av Monique Froese, kona til Edgard.[3]

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Tangram Set 1»19:47
2.«Tangram Set 2»20:28

Medverkande endre

Musikarar[4]

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Berling, Michael. «Tangram». Voices in the Net. Henta 9. april 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Tangram». Voices in the Net. Henta 9. juli 2020. 
  4. Prendergast, Mark (1995). Plateomslagstekst for Tangram (Definitive Edition) [CD liner]. Virgin.